Linn Sigrid Bratland (t.v.) har denne veka halde kurs i å smi tumling. Kunstnar Elisabeth Helvin frå Oslo storkosar seg på kurs i Rauland.

Rift om kursplassane når vinterfestivalen fyller heile Campus

Kunst, kultur og musikklivet blømer litt ekstra i alle etasjar og delar av Campus Rauland og Raulandsakademiet denne veka under vinterfestivalen. Og aktiviteten held fram gjennom helga.

Publisert Sist oppdatert

Fredag svinga VTB innom Rauland vinterfestival og tok fylgje med festivalsjef Ingrid RoseMarie Hamberg til fleire ulike kurs og aktivitetar.

Festivalsjef Ingrid RoseMarie Hamberg viser stolt fram all aktiviteten som skjer under årets vinterfestival på Rauland.

Hamberg fortel at ho ynskjer at studiestaden skal formidle folkemusikk og tradisjonskunst ut til nye publikumsgrupper, i tillegg til dei som kjenner miljøet godt frå før.

– Eg vil vise fram alt me jobbar med og ynskjer å skape ein festival for alle, seier ho entusiastisk.

Rift om plassane

Denne veka er det stort sett studentar som deltek på dei ulike kursa som har blitt halde, men dei har også andre gjester og internasjonale studentar på besøk. 

– 50 personar søkte på dei 20 plassane me hadde tilgjengeleg. Det er fantastisk at det var så stor interesse, men litt trist også at det bare var plass til nokon av dei, meiner Hamberg som fortel at det har vore stor interesse for alle kursa. 

Gjestestudentane studerer musikk eller kunst i sitt heimland som er Irland, Storbritannia, Ungarn, Danmark eller Frankrike, og dei får studiepoeng for kursa dei tar under opphaldet på Rauland. 

Klesdesignar, skreddar, og fyrsteamanuensis ved USN – Universitetet i Sør-aust-Norge, Veronika Glitsch vil laurdag presentere eit nytt design, mellom anna denne skjorta, med heilnorsk verdikjede.

Musikkstudentar både frå Ole Bull Akademiet og musikkhøgskulen i Oslo deltek også. 

Hamberg legg til at dei også har deltakarar på kursa frå Seljord folkehøgskule. Her er også Jeppe Nordmann Garly, som til dagleg er linelærar på folkehøgskulen i sløyd-, spikk- og smifag kalla inn for å halde kurs i karveskurd. I tillegg er det kurs i skimaking med morgedølane Tarjei Gjelstad og Terje Haugen, det er kurs i korleis lage tråd av brenneslefiber og Veronika Glitsch held kurs i å sy liv. 

Glitsch utviklar klede med røter i norsk handverk med fokus på berekraft, gjennom kombinasjonar av tradisjonsteknikkar, gjenbruk og lokal produksjon. I tillegg til sykurset skal ho laurdag saman med Nina Alsborn ha foredrag om klede med heilnorsk verdikjede, og ho skal presentere eit nytt design av plantefarga ullklede. 

– Klede som dette er framtida, miljøvenlege ullklede, seier Glitsch.

Heim til Vinje

På neste klasserom kling lyden jamt frå hammar og ambolt. 

Smykkekunstnar Linn Sigrid Bratland frå Edland flytta til Lillesand for to år sidan, men jobbar framleis som metallærar ved universitetet i 50 prosent stilling. 

Ho meiner det er perfekt å kome tilbake, og heim til Vinje, undervise i verkstadfag som ho likar så godt, besøke far og gamle kjente i området. 

– Her i Rauland held eg forelesingar i ulike emne, underviser på metallverkstaden og er rettleiar for masterstudentane. Og det er også moro å få vere med å halde kurs som dette også, smiler ho. 

Kunstnar Elisabeth Helvin har hytte på Rauland, og meinte det var fint å delta på kurs der ein kunne leike med materiale og lære mykje nytt av kurshaldar Linn Sigrid Bratland.

Skulptør Elisabeth Helvin bur i Oslo, men har hytte på Rauland. Ho fortel at fleire vener har gått på kurs her tidlegare, og nå melde ho seg på sjølv også. 

– Å jobbe med metall har vore supert og svært lærerikt. Det er fint å kunne utforske litt andre materiale enn det eg jobbar med til vanleg. Trekke nye erfaringar inn i eige fagområde, meiner kunstnaren før ho smir vidare på emnet som skal bli ein tumling. 

Inne på verkstaden er fleire av deltakarane også i gang med siste finpuss av smiprosessen, og laurdag skal dei dekorere dei med å siselere mønster eller bruke emalje. 

15 ulike kurs

Gjennom Vinterfestivalen blir det halde 15 ulike kurs, det er mange, og det er hektisk, men eit nivå som Hamberg ynskjer å halde fast ved på komande vinterfestivalar. 

Det er totalt knytt 130 studentar, på heil- og deltid, på Rauland og av desse er 70 fulltidsstudentar. 

Jeppe Nordmann Garly, som til dagleg er linelærar på folkehøgskulen i sløyd-, spikk- og smifag har denne veka halde kurs i karveskurd
Maiken Bjørklid har halde kurs i å lage hestehårskostar og ulik trådkunst som trollsleiver denne veka. Her er nokre av produkta som er laga.
Klesdesigner Veronika Glitsch (t.h.) rettleiar Aase Johansen som saman med systera syr Torpedrakt frå Innlandet. Dei har fått studentar på Campus Rauland til å handveve 11 meter stoff dei skal sy draktene av.

Mykje som skjer i helga

Sjølv om det har skjedd mykje gjennom veka, er det enno ikkje over. I helga er det framleis kurs, foredrag, konsertar, kappleik og ulike utstillingar gjestene kan få med seg både laurdag og sundag. 

Hamberg meiner studentane lærer mykje av å setje opp og halde ei utstilling, og har hatt fokus på at utstillinga skal vise heile prosessen av arbeidet. 

– Og tar de turen innom på laurdag vil studentane vere på plass for å vise fram og fortelje kva dei arbeider med. 

Elles blir det høve til å spikke, eller ta turen innom den årvisse Vinterkappleiken der det blir tevla både i spel, dans og vokal frå to ulike scenar heile laurdagen. 

Powered by Labrador CMS