Fyrste dagsturhytte i Telemark
Pumpehuset har no opna dørene
Torsdag opna den første dagsturhytta i Telemark. Hytta ligg på Eventyrøy i Seljord, og har fått namnet Pumpehuset.
Det melder Telemark fylkeskommune i ei pressemelding etter opninga som blei gjennomført av fungerande fylkesordførar Terje Riis-Johansen og ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen.
– Dette markerer starten på ein ny æra for friluftslivet i fylket, der målet er å gjera naturen meir tilgjengeleg for alle, melder fylkeskommunen.
Dagsturhyttene i Telemark er eit av dei største felles friluftsprosjekta i fylket på mange år. Visjonen er å skapa attraktive og inkluderande møteplassar i naturen, der både lokale og tilreisande kjenner seg velkomne. Prosjektet byggjer på prinsippa om gjenbruk, berekraft og minimalt naturinngrep, ved at eksisterande bygg blir rusta opp og blir gitt nytt liv.
Prosjektet er støtta av fleire, som Sparebankstiftinga Nome, Sparebankstiftinga Telemark, Norsk Tipping, kommunane, Landsforbundet til friluftsrådet og Gjensidigestiftelsen og Telemark fylkeskommune. I tillegg har Seljord Idrettslag bidrege med stor dugnadsinnsats.
– Dette handlar om meir enn bare hytter. Det handlar om å skape møteplassar der alle kan føle seg velkomne og inkluderte, seier fungerande fylkesordførar Terje Riis-Johansen i pressemeldinga.
Kommunane i Telemark er i ulik fase av prosessen, frå tidleg planlegging til ferdigstilling. Seljord er først ute med å realisere prosjektet, og opninga av Pumpehuset markerer ein viktig milepæl.
– Det er inspirerande å sjå at prosjektet no blir verkelegheit. Bak kvar hytte ligg det eit stort arbeid, og målet er at både prosessen og resultatet skal skape verdi for lokalsamfunna, seier Marte Aksnes, rådgjevar for idrett og friluftsliv i Telemark fylkeskommune og prosjektleiar for Dagsturhyttene.
– Seljord kommune er svært fornøgde med etableringa av ei ny dagsturhytte midt i nærturområdet vårt på Eventyrøy, seier ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen i pressemeldinga.
- Me er sikre på at dette blir ein flott møteplass for alle som er på nærtur. Me har stor tru på fylkeskommunen sitt konsept med dagsturhytter i eksisterande bygningar, som del av eit nettverk i heile Telemark, held ho fram.