Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) og Frp-leiar Sylvi Listhaug (ståande) i Stortinget under debatten om drivstoffprisane torsdag førre veke.

Politikarane ventar at drivstoffkjedene kuttar i prisane

Fleire partileiarar kallar det uakseptabelt om ikkje bensinstasjonane senkar prisane på bensin og diesel tilsvarande avgiftskutta Stortinget har vedteke. – Som venta, seier andre.

Publisert

Frå og med onsdag tredde Stortingets kutt i avgifter på drivstoff over heile landet i kraft. For bensin blir avgiftene letta med 4,41 kroner og for diesel 2,85 kroner frå 1. april for å møta dei auka prisane på grunn av USA og Israels angrep på Iran og det stengde Hormuzsundet.

Men mange stader auka pumpeprisane tysdag kveld, før avgiftene skulle reduserast onsdag. Dette reagerer både Frp, Sp og SV på. 

– Det er uakseptabelt dersom ikkje avgiftsreduksjonane kjem forbrukarane til gode. Frp ventar at prisane blir sette ned tilsvarande avgiftskutta inkludert moms. No må drivstoffkjedene kjenna si besøkstid, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug onsdag. 

Vil ha gransking

Nestleiar Lars Haltbrekken i SV reagerer på at prisane mange stader onsdag var høgare enn dagen før og seier det er akkurat kva partiet åtvara mot under debatten i Stortinget førre veke.

– SV vil foreslå gransking av prissetjinga til bensinstasjonsselskapa. Det ser ut til at fleire av dei no skuffar avgiftskutta som skulle komma folk til gode, ned i sine eigne lommer. Det er griskheit sett i system, seier Haltbrekken.

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet seier alle som fyller drivstoff, kjem til å straffa kjedene som ikkje følgjer opp vedtaket frå Stortinget og lèt dei reduserte prisane komma forbrukarane til gode. 

– Det er uhøyrt viss kjedene ikkje følgjer opp, seier han.

– Alle veit at prisane varierer i løpet av ei veke, men me forventar, og ekspertar som kjenner marknaden ventar, at prisane no blir sette ned, seier Vedum.

– Håplaust naive

I Raudt er derimot finanspolitisk talsperson Mímir Kristjánsson ikkje overraska. I spisse ordelag kritiserer han kollegaene sine i Stortinget for å vera naive. 

– Listhaug, Søreide og Vedum har vore håplaust naive i møte med storkapitalen – som vanleg. Dei har ikkje gjort noko for å hindra at bensinstasjonane stikk milliardane i avgiftskutt i eiga lomme for å flå bilistane, seier Kristjánsson.

Han viser til at SV førre veke lanserte eit forslag om samtidig å lansera eit ordning for kontroll for å sikra at kutta kom forbrukarane til del, men at det berre var Raudt som viste oppslutning om dette. 

– Regjeringa bør ta grep for å rydda opp i rotet til Senterpartiet og høgresida, der folk blir flådde av bensinstasjonane. Me treng nye tiltak for prisovervaking og priskontroll, legg han til.

Berre ord

Vedum kritiserer derimot SV for forslaget om eit statleg kontrollorgan, og Raudt for å verka vinglete i debatten.

– SVs forslag om statleg organ, det går jo ikkje på tre dagar, det blir berre politiske ord, seier Vedum og legg til 

– Og Raudt, som rosa kutt, men røysta mot, det seier jo alt.

 

 

 

 

 

(©NPK)

Mimir Kristjansson (Raudt) på Stortingets talarstol torsdag i samband med debatten om drivstoffprisane.
Powered by Labrador CMS