Pilegrimsvandring for 17. gong. – Det burde vore på blå resept!
Frå tysdag til torsdag vart pilegrimsvandringa arrangert for 17. gong, leia av prostdiakon Eilev Erikstein i samarbeid med psykiatrien i Vest-Telemark.
Marsjen, som ber namnet «Å vandre med håp», har gjeve mange deltakarar både fine dagar, gode samtalar, ei mental reise og små vendepunkt i livet. Tidlegare strekte vandringa seg over fem dagar, men dei siste åra har ho vore på tre. Strekningane som blir gått no over Haukelifjell til Røldal, er: Prestegard – Ulevå, Ulevå – Dyrskard og Svandalsflone – Røldal.
Rock i Vest-Telemark
Vandringa starta med politisk deltaking, der fleire politikarar frå Telemark møttest til debatt utanfor basen til pilegrimane på Fjellstad. Her deltok representantar frå SV, Sp, KrF, Ap og FrP, som delte sine syn på psykisk helse i helsepolitikken.
Ramma kunne knapt vore betre – strålande sol, frisk fjelluft og eit publikum med eigne erfaringar knytt til psykiske utfordringar. Etter opninga starta sjølve vandringa, der mellom andre Olaug Skau (51) frå Arbeidarpartiet var med. Ho hadde berre lovord å seie då dagen var omme:
– Dette er eit heilt fantastisk tiltak – det burde vore på blå resept! Eg går mykje tur til vanleg, helst i fjellet. Det som sit att etter i dag er dei gode samtalane og menneskemøta eg har hatt. Eg hadde berre høyrt litt om pilegrimskonseptet på førehand, men no forstår eg det betre, sa Skau.
Onsdag kveld var det òg ein intimkonsert for deltakarane inne i stova på Fjellstad. Her vart det spelt rock frå 1970-talet av lokale musikarar frå Vest-Telemark. Mellom songane fortalde vokalist Olav Kjetil Bang om personane som var sentrale i det levande rockemiljøet på den tida.
Pilegrimsvandring som valfag
Svein Bakkan (69) pensjonerte seg frå arbeids- og inkluderingsverksemda Kvito i 2023. Kvito er også ein samarbeidspartnar på vandringa. Bakkan arbeidde som konsulent for å få folk tilbake i arbeid på vegner av Nav.
– Eg har vore med på vandringa i mange år saman med klientar frå Kvito. Røynslene har vore ulike: Nokre var ikkje interesserte, andre nølande, og somme svært motiverte. Men alle som gjekk, fekk ei god oppleving og var takksame for det dei opplevde. Eg har sjølv mange gode minner frå desse turane, og eg opplever at det oppstår ei sterk fellesskapskjensle mellom deltakarane. Vandringa er eit lågterskeltilbod. Nokre er svært sosiale, andre held seg meir i bakgrunnen, men alle kjenner at dei blir sett og inkludert. Det er rom for alle her, sa Bakkan.
Lene Maritha Fredriksen (52) frå Kristiansand Folkehøgskule var òg med i år. Ho jobbar med miljø og stressmeistring på skulen og deltok òg på vandringa for ti år sidan.
– Det var ei fantastisk oppleving å vere med for ti år sidan. Ein koplar seg så lett av og på under vandringa, og eg håpar å kunne introdusere pilegrimsvandring som valfag for elevane våre.
– Ein får så god kontakt med andre på desse turane – det er heilt magisk. Sjølv om ein er framand for kvarandre, kjem ein tettare saman. Eg trur dette òg kan vere ein fin måte for elevane våre å bli kjende med kvarandre på. Me skal faktisk tilbake hit seinare i haust for å gå pilegrimsvandring, sa ein særs fornøgd Fredriksen.