Lars Geving (f.v.) Martin Bjørge Haugan og Jan Frode Pedersen såg fram til vandring i det fine vêret tysdag.

Klare for tre dagar med pilegrimsvandring. – Godt både fysisk og psykisk

Tysdag la pilegrimane i veg frå Fjellstad i Vågslid. 

Publisert

Lars Geving, Martin Bjørge Haugan og Jan Frode Pedersen er pilegrimsveteranar og var klare for tur i solskinet i Vågslid tysdag. 

– Eg gler meg alltid til desse tre dagane med vandring saman med andre. Det er godt både fysisk og psykisk, seier Pedersen som har vore med på dei aller fleste vandringane. 

Geving har vore på dei alle. Han la tysdag ut på vandring for 17. gong. 

– Det er godt å kome seg ut på fjellet med greie folk, seier han. 

Startskotet for årets «Vandre med håp» gjekk på Fjellstad ved E134. Her var pilegrimsvandrarar og vaksenopplæringa i Tokke publikum då fem politikarar fekk snakke om temaet psykisk helse. Dei fem var: Anne-Nora Oma Dahle (Sp), Hans Edvard Askjer (KrF), Line Marlene Haugen (Frp), Olaug Skau (Ap) og Nils Johan Svalastog Garnes (SV). 

Debatten kan du sjå på VTB-TV frå onsdag klokka 15.00.

Politikarane Anne-Nora Oma Dahle (Sp), Hans Edvard Askjer (KrF), Line Marlene Haugen (Frp), Olaug Skau (Ap) og Nils Johan Svalastog (SV).

Etter treffet på Fjellstad gjekk turen vidare til Prestegård, og sjølve starten på vandringa. Onsdag er Dyreskar på programmet, før vandringa blir avslutta torsdag frå Svandalsflona til Røldal. 

Å vandre med håp er eit lågterskeltilbod og eit breitt samarbeid mellom diakonien, psykisk helse i alle Vest-Telemark kommunane, Kvito og DPS i Seljord. I år var det 17. gong det var vandring.

– Me veit aldri kor mange som kjem, det er litt av pilegrimskonseptet, seier prostidiakon Eilev Erikstein før vandringa, men legg til at han har førebudd dei som skal lage middagen på dugnad om at det kan bli om lag 20 personar. 

Anne-Nora Oma Dahle er leiar i hovudutvalet for samferdsel og hadde med seg 50 000 kroner. Pengane skal gå til transport av pilegrimane fram og tilbake til Fjellstad som er basen. Logistikken skal ikkje vera eit hinder for at nokon ikkje kan vera med på pilegrimsvandringa.

Anne-Nora Oma Dahle kom med 50 000 kroner frå hovudutvalet for samferdsel til transport i samband med pilegrimsvandringa. Eilev Erikstein tok imot.

– Dette er eit lågterskeltilbod der alle skal føle seg trygge. Me håpar dette kan inspirere andre til å bidra og hjelpe til, seier Oma Dahle på vegner av eit tverrpolitisk og samla hovudutval.  

Ho har vore med på vandringa eit par gonger. Det hadde ho ikkje høve til i år, men Olaug Skau frå Ap hadde kledd seg for fjelltur. 

– Dette gler eg meg til, sa ho før ho la i veg. 

Ragnvald Christenson frå Haukeli som døydde tidlegare i år, var sentral i arbeidet med pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal. Pilegrimsvandringa «Å vandre med håp» blei arrangert for fyrste gong i 2008. Fram til korona var det fem dagar med vandring, nå er det tre dagar. 

Powered by Labrador CMS