Per-Erik Schulze, Telemark MDG

Per-Erik Schulze

Alder: 53 år

Kjem frå: Kragerø

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

MDG vil stanse naturtapet, bekjempe fattigdom og utanforskap og jobbe for at det skal bli enklare å leve miljøvennleg i hele landet. MDG over sperregrensa vil sikre raudgrønn regjering og Støre som statsminister.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

 MDG vil gi kraftig straumstøtte som dagens regjering, men slik at den fordelast meir likt til alle og oppmuntrar til straumsparing. Næringslivet bør få gunstige fastprisavtaler, og meir direkte støtte til straumsparetiltak.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon? 

Vest-Telemark produserer mykje kraft og har alt ofra store naturverdiar gjennom nedbygging av vassdrag. Det er positivt med småskala og lokalt tilpasset produksjon av ny kraft. Ledige gråareal: takflater, steinbrot og vegskjæringsr bør bli utnytta til solkraft.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort? 

MDG vil ha milliardauke i vedlikehald av svært nedslitne og dårlege fylkesvegar i heile Noreg framfor statleg sløsing på overdimensjonerte nye motorvegar inn til byene. Alle skal kunne komme trygt fram til jobb, skule og fritidsaktivitetar i heile landet.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta? 

Kommuneøkonomien i Noreg må styrkes over statsbudsjettet. Desentralisert helseutdanning saman med gode moglegheiter for lærlingplassar, heltidsstillinger og å jobbe i team kan bidra til rekruttering. Vi har sett at fleire av kommunane i Vest-Telemark jobbar godt med dette.

6. Kvil vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga? 

Som over, og sikre gode bu- og aktivitetstilbod for eldre og moglegheitene til å bu heime og få hjelp når man ønsker. Kommuneøkonomi er nøkkelen.

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta? 

Fleire av kommunane i Vest-Telemark har sett ein positiv utvikling i folketalet de siste årene. Det er viktig at bustader og fråflytta landbrukseigedomar kjem ut på marknaden, attraktive for familiar. MDG vil gi meir støtte til å vise fram kultur, støtte småbedrifter, levande bygdesentrum og tilbod til barn og unge. Vi meiner dessutan at å ta vare på natur og friluftsliv sikrar goder folk søker når dei vil ut av byen.

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore? 

At staten bidrar meir til å sikre stabilt og godt kommunalt tjenestetilbud, fordi kommunane tilbyr dei fleste tenestene vi treng gjennom livet og som er viktig for å ha gode, levande lokalsamfunn med moglegheiter for alle.

Powered by Labrador CMS