23 prosent av den norske befolkninga les framleis ei papiravis dagleg.

Papiravisene mistar lesarar – men i Vest-Telemark er dei heildigitale framleis i mindretal

Papiravislesnaden i Noreg fall 8 prosent det siste året, men framleis les 23 prosent av den norske befolkninga ei papiravis dagleg. Og fleire les VG på papir.

Publisert

Det kjem fram i medietala som Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Kantar Media la fram denne veka.

Sjølv om 23 prosent framleis les ei papiravis dagleg, er dette ein nedgang på 8,2 prosent frå andre kvartal i fjor. For lokal- og regionavisene er det ein samla tilbakegang på 10,9 prosent.

For Vest-Telemark blad er tala stabile, sjølv om det blir fleire som les avisa digitalt. I dag er 45 prosent av abonnentane heildigitale, men det er framleis flest som har komplettabonnement – både papir og digitalt. 

Berre eit fåtal av papiravisene kan notere seg for auke i talet på lesarar det siste året. Blant desse er VG, som har ein markant auke – frå 104.000 i gjennomsnitt per dag for eitt år sidan, til 112.000 no.

– Vi må tilbake til 2023 for å finne nokon høgare. Det er gøy at vi ikkje berre held på lesarane, men også klarer å auke talet, seier printsjef i VG, Jan-Christian Walle, til eiga avis.

Aftenposten er den mest lesne papiravisa i landet med eit snitt på 199.283 daglege lesarar. På plassane bak finn vi VG og Klassekampen – sistnemnde med nesten 102.000 daglege lesarar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS