Opplever auka trafikk. Nå blir det ny festival
30. januar er det duka for Morgedal Vinterfestival. Hotellsjef Kristin Havsjømoen er fornøgd med at den nye spa-avdelinga trekker til seg folk.
– Me spelar på skihistoria, fortel hotellsjef ved Morgedal hotell, Kristin Havsjømoen.
30. januar til 1. februar er Morgedal Vinterfestival tilbake. Festivalen såg dagens ljos i fjor i samband med 200-årsjubileet for Sondre Norheim. Hotellsjefen seier at dei alt har fått ein del bestillingar knytt til årets festival.
– Det var mykje folk og aktivitet i fjor. Folk kom og gjekk heile helga.
Mykje aktivitet
Arrangørane lovar ei helg fylt med aktivitetar og moro for små og store. Det blir skisimulator, hundespann, quiz, mat, toppturar og skihistorier. Sundag blir det topptur leia av Morgedal Aktiv.
– Festivalkomiteen består av Anne Gundersen frå Skimuseet, Tarjei Gjelstad frå idrettslaget, Thomas Barstad frå Bjaaland og meg. Fokuset er på vinter- og skiopplevingar og god mat, fortel hotellsjefen.
Nytt av året er eit foredrag med Thor Gotaas og Oddvar Brå. Havsjømoen vil også anbefale ølbollerennet, som trekte mange folk i 2025.
– Det var veldig moro i fjor, og er også ein hit som har blitt bruka i andre samanhengar her oppe, ler ho, om den gamle tradisjonen.
Wow-effekt
Hotellsjefen er veldig glad for at den nye spa-avdelinga er oppe og går.
– Me ser at produktet med spa har gjeve oss eit løft. Morgedal låg litt nede ein periode, og det å byggje opp att utan ein «wow-effekt» er vanskeleg.
Under opninga i juni sa Havsjømoen at ho var stolt av å kunne vere med på å løfte regionen som reisemål, og at ho håpa den nye satsinga ville gje auka trafikk og gjere Morgedal som destinasjon meir komplett. Så langt har det gått etter planen.
– Folk byrjar å sjå at det er fint i Morgedal. Det er veldig moro!