Joletrefest

Etter både song og mange rop kom endeleg både ein og to nissar innom grendehuset med godteposar til barna.

Nykoka kakao, nissebesøk og tre ringar kring grana

Festkledde gjester strøymde til den årvisse joletrefesten på grendehuset i Vrådal 5. joledag. 

Publisert

Arrangørane frå sportsfiskarlaget, skyttarlaget, idrettslaget, sanitetslaget og styret på grendehuset i Vrådal måtte hente fram fleire bord og stolar då dei inviterte til den årvisse joletrefesten måndag ettermiddag. 

På kjøkkenet var litervis med nykoka kakao serveringsklar, og jolekaka fint dandert på fat til alle gjestene som fekk tid til triveleg prat, loddkjøp og underhaldning. Jan Gunnar Breivik leia festen og fekk gjestene med på både gang kring joletreet og allsong saman Vrådalskoret under leiing av Hallvard Nordbø Jørgensen. Signe Marie Holte steva og song og fem av jentene frå dansegruppa i kulturskulen hadde framsyning, før dei yngste gjestene endeleg fekk besøk av ikkje berre éin, men to nissar med godteposar.

Powered by Labrador CMS