Rektor Kristine Rønning ved Seljord folkehøgskule.

Ny kamp for skulen: – Det er veldig krevjande

Arbeidarparti-regjeringa har nok ein gong føreslått å kutte i støtte til folkehøgskulane. – Skulen er avhengig av stabile og føreseielege rammevilkår, seier rektor ved Seljord folkehøgskule, Kristine Rønning.

Publisert

– Me opplever det som eit stort tillitsbrot og komplett uforståeleg at Arbeiderpartiet foreslår det same kuttet i år. Det er ei krevande tid for folkehøgskulane og det står over 100 000 unge utanfor skule og arbeidsliv, skriv Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet, i ei pressemelding.

Anne Tingelstad Wøien, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet.

Onsdag 7. oktober la Støre-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2027. Regjeringa føreslår, som i fjor, å redusere stipendandelen for folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. Ei slik endring kan få store konsekvensar for folkehøgskuledrifta i Seljord.

– Det er veldig krevjande å måtte kjempe kvart år for finansieringsordninga vår. Det burde ikkje vere slik, seier rektor på Seljord folkehøgskule, Kristine Rønning.

I fjor haust føreslo Sp, SV, MDG og Raudt å reversere stipendkuttet i dei alternative budsjetta sine.

– Det er ein gledesdag. Eg sa på personalmøtet i dag tidleg at eg føler meg 100 kilo lettare, sa ein glad rektor i Seljord då partane var einige om eit budsjett, og det ikkje blei kutt i støtte til folkehøgskulane.

Men nå må ho og dei tilsette kjempe for tilværet igjen.

Vil få store konsekvensar

– Våre elevar får viktig demokratisk danning på folkehøgskulene, men me fryktar at både noverande og tidlegare elevar mister tillit til demokratiet når regjeringa ikkje lyttar til dei. I fjor signerte over 40 000 ei underskriftskampanje mot forslaget. Lokalpolitikarar over heile landet engasjerte seg og budsjettpartnarane reverserte forslaget, seier Tingelstad Wøien.

I tillegg til stipendkuttet, foreslår Arbeiderpartiet å endre tilskotsmodellen frå nyttår slik at midlar blir overførte frå små til større skular.

– Me har tidligare varsla at forslaget kan bety nedlegging for mange mindre folkehøgskular. Å gjere dette i tillegg vil føre til skulenedleggingar. Ønsker verkeleg regjeringa å legge ned fleire titals folkehøgskular?, spør Tingelstad Wøien.

Rektor Rønning seier ei endring i tilskotsmodellen vil få store konsekvensar i Seljord.

– Skulen er avhengig av stabile og føreseielege rammevilkår for å kunne oppretthalde eit godt pedagogisk tilbod, forsvarleg bemanning og eit levande internatmiljø. Nå vil dei endre på tilskotsmodellen, slik at dei som har under 80 elevar får mindre støtte. 500 000 kroner, som det er snakk om hos oss, det er mykje pengar, seier ho.

Viktig samfunnsoppdrag

Rønning fortel at Seljord folkehøgskule hentar og leverer mange tenester til lokalmiljøet i Seljord, og bidreg til verdiskaping gjennom kjøp av lokale varer og tenester frå næringslivsaktørar heile året.

– Me er ein viktig aktør lokalt. Elevane brukar butikkar, uteområde og Granvin. Dei bidrar på leksehjelp på Raude Kors, på Dyrskun-dugnad og på fleire arrangement i løpet av skuleåret, sa Rønning til VTB i fjor haust.

Ho fortalde også om fleire tidlegare folkehøgskuleelevar som har busett seg i distriktet.

– Vår aller viktigste jobb er samfunnsoppdraget vårt. Me er eit viktig tilbod for ungdom ute i distrikta. Det er synd om det blir eit tilbod til dei med best råd, seier ho.

Seljord-rektoren forstår ikkje kvifor regjeringa gir tildelingar til nye folkehøgskular i staden for å sikre gode rammer for dei som allereie eksisterer, og avsluttar med å seie at ho meiner det bør vere eit viktig nasjonalt mål å sikre mangfald i folkehøgskulesektoren.

– I ei tid der me treng å få fleire unge inn i gode fellesskap, er studiestøtte til folkehøgskuleelevar heilt feil stad å kutte. Folkehøgskulane gir unge mestring, sosial kompetanse, og tru på eigne moglegheiter. Det burde politikarar investere i, ikkje kutte i, seier Tingelstad Wøien.

Powered by Labrador CMS