Jelle Ligthart og Karlijn Prot er på jobbjakt på Dalen.

Nederlendarane Jelle (31) og Karlijn (26) har forelska seg i Vest-Telemark

Dalen og Flatdal er plassar dei kunne tenkje seg å bu, men for å kunne flytte må dei få seg ein jobb først. 

Det nederlandske paret Jelle Ligthart (31) og Karlijn Prot (26) skal vere på ferie i Noreg i heile juli, og dei drøymer om å kunne etablere seg her permanent. 

– Naturen og fjella er noko som trekkjer oss veldig hit, seier dei to.

Dei er leie av å bu ein plass kor det er så mange folk. Paret kjem frå Utrecht som er ein by med litt over 300 000 innbyggarar. 

– Det er så trongt, og naturen er borte. Det er nesten berre folk og hus der, seier dei.

Så dei vil bu på bygda, og fortel at dei har funne plassar dei synest er perfekte. 

Utsiktspunktet i Flatdal er ein utsikt Jelle Ligthart og Karlijn Prot kan bli vant til.

– Me synest Flatdal og Dalen er fantastiske plassar, seier dei. 

Jelle viser eit bilete dei tok ved utkikkspunktet i Flatdal. Han seier det var heilt spesielt å sjå på utsikta derifrå. 

Dei fortel at dei har forelska seg i Vest-Telemark, og folka her. 

– Det verkar som om alle her har betre tid, og at dei ser kvarandre, seier Karlijn.

Treng jobb

Jelle fortel at dei må ha ein jobb før dei kan flytte. 

– Me må ha eit D-nummer og for å få det må me ha ein jobb, seier han. 

D-nummer er på ein måte eit personnummer utalandske innbyggjarar treng for å kunne opne ein bankkonto og kjøpe bustad i Noreg. 

Dei har vore på jobbjakt mange plassar. 

– Me har vore på Dalen hotell og innom kommunehuset for å spørje etter jobb, seier dei. 

Karlijn er utdanna innan media. Ho tek bilete og filmar for det meste, medan Jelle er utdanna og har jobba innanfor business. Dette er ikkje noko dei treng å jobbe med når dei kjem hit.

– Me kan jobbe med kva som helst, berre me får ein jobb, seier Jelle.

Lærer seg norsk

Dei fortel også at dei har begynt å lære seg norsk. 

- Eit eple, eplet, seier Jelle som forklarar at dei synest det er litt uvant at ein legg på noko bak ordet, i staden for å ha eit ord framom for å bestemme forma til substantivet.

Han tel også til ti på norsk. 

Karlin fortel at det også er enklare verbtider på norsk. 

Til nå har dei berre tatt norsk på ein språkapp, men dei seier dei har lyst til å få seg ein norsklærar i Nederland før dei flytter.

Nesten berre positivt 

Paret seier at dei er klare for ei forandring og har veldig lyst til å flytte, men det er noko dei kjem til å sakne frå Nederland. 

– Det er vennene våre, men me er sikre på at me vil flytte hit, seier Jelle. 

Dei seier også at dei har prøvd å overtale vennene, men at dei ikkje har gått med på å følgje med. 

– Ikkje enno … seier dei med eit smil.

Jelle Ligthart og Karlijn Prot viser elgen dei såg for eit par dagar sidan.
Powered by Labrador CMS