Kvinne i svart T-skjorte står framfor ei lys hyllevegg.
Natalie Camarena Straand

Natalie er oppteken av at heimbygda skal vere ein plass for alle

Publisert Sist oppdatert

Namn: Natalie Camarena Straand

Alder: 37

Bur: Vrådal

Gjer: KGB-kjøkkenseljar

Kva er planane dine denne sommaren?

- Jobbe på huset heime, bade mykje og ein tur til Spania.

Har du eit sommarminne du vil dele?

- Då me køyrde til Paris med ungane og var i Disneyland i fleire dagar. 

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

- At ungane mine, Melissa og Damian, ryddar hus og fyrar til eg kjem heim frå jobb så me kan sjå på ein film saman.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

- Eg er oppteken av at Vrådal skal vere ein plass for alle, og akkurat nå er det sentrum som står i fokus. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

- Heime i Vrådal og køyre båt.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

- Det måtte bli ein tur på Nisser for å sjå Vrådal, for ein har ikkje sett heile bygda før ein ser det frå vatnet.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt? 

- Det må bli trebjørn.

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

- Eg vil sende ei helsing til ungane, Melissa og Damian.

Powered by Labrador CMS