Snøproduksjon på Rauland.
Snøproduksjon på Rauland.

Nå kjem vinteren – snøkanonane er i gang  

På Rauand er snøkanonane i gang og skisesongen nærmar seg med stormskritt.

Publisert

Det melder dagleg leiar på Rauland skisenter Kristin Larsen, i ei pressemelding. 

– Med kalde blå og snøkanonane i gang gjer med oss klare for ein ny vintersesong på Rauland, melder Larsen. 

Ho fortel at Yr melder om optimale forhold for snøproduksjon i tida som kjem og at dei derfor er optimistiske om at dei kan opne halve skiarenaen, altså langrennsløypa mellom Vierli og Rauland Høgfjellshotell, alt laurdag 22. november.

Ekteparet Håvard Bjørke og Kristin Larsen arbeider begge på Rauland skisenter. Nå ser dei fram til vinter og skisesong.

– Sesongopning for alpint håpar og trur me kan bli 29. november i Holtardalen, melder Larsen. 

Ho fortel at dei i sommar har oppgradert og investert i snøanlegget sitt, og at dette er naudsynt for å betre kapasiteten, for å sikre snø gjennom heile sesongen og for å få ned energibruken. 

– Det er investert fem millionar kroner i snøproduksjonsutstyr. Det er et stort løft, men  svært viktig, seier Larsen. 

Powered by Labrador CMS