Nå er det slutt på makspris – tilbyr straumrådgjeving til innbyggarane
I desember vedtok kommunestyret å avslutte ordninga med makspris på straum i Tokke.
Torsdag 15. januar er det slutt på Tokke-pris. Det var brei semje om å avslutte ordninga då saka vart avgjort i desembermøtet.
Ordninga med makspris på straum gjaldt tidlegare både hushaldningar, hytte og næring. Nå er det berre næringslivet som skal få Tokke-pris – pristaket der er frå 15. januar 43 øre/kWh
I samband med at det nå blir slutt på Tokke-pris, tilbyr kommunen hjelp og rådgjeving for innbyggarane om kva dei nå bør gjere. På Tokke kommune sine heimesider opplyser kommunen at innbyggarane kan ringe eller sende e-post om dei har spørsmål eller treng hjelp til å bestille Norgespris. Innbyggarar som har behov for det kan få ei avtale på kommunehuset, og om det er nokon som har vanskar med å kome seg til kommunehuset på Dalen kan det også vere mogleg å få besøk heime.