Tilhøyrarar: Før jol kravde 230 av innbyggjarane i Kviteseid at saka om kommunale vegar måtte bli tatt opp på nytt. Torsdag hadde mange av dei samla seg for å følgje debatten i kommunestyret.
Elin Fjalestad
Møtte mannsterke opp då saka om vegprivatisering kom opp på nytt
Det vart ingen lang debatt om privatisering av vegar i kommunestyret torsdag. I staden vart eit utsetjingsforslag samrøystes vedteke.
Det var folksamt i kommunestyresalen i Kviteseid torsdag. Saka om privatisering av vegar har skapt mykje engasjement, og innbyggjarar som er råka av forslaget hadde møtt mannsterke opp for å høyre diskusjonen i kommunestyret.
Innbyggjarforslag
Våren 2023 vedtok kommunestyret i Kviteseid å privatisere ti kommunale vegar på til saman elleve kilometer. Før jol fekk ordførar Tarjei Draugedal ei liste med 230 underskrifter. Dei som skreiv under bad om at saka om privatisering av vegar måtte bli tatt opp på nytt, som eit innbyggjarforslag. Det var bakgrunnen for at politikarane på nytt måtte ta stilling til privatisering av vegar i kommunen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP