Dette skjedde i kulissane:
Alt før han starta i jobben spurte ordføraren om den komande økonomisjefen ville vurdere stillinga si
– Det var i rein frustrasjon eg sendte melding, og eg angrar på det, seier Kviteseid-ordførar Tarjei Draugedal om SMS-en til den nye økonomisjefen.
Då VTB snakka med ordføraren få dagar etter at Løkslid hadde underskrive arbeidsavtala sa han at han ikkje hadde vore involvert i tilsettinga, men han var blant dei fyrste som gratulerte Løkslid med ny jobb.
«Gratulere. Dette skal bli bra», skreiv han i ein SMS til Sven Tore Løkslid datert 2. oktober.
Det viser kommunikasjon VTB fekk innsyn i fredagskvelden (30. oktober). Då hadde det gått ni dagar sidan lokalavisa bad om innsyn. Avisa Varden skreiv om saka fyrst.
14. oktober, klokka 03.33 sender Draugedal ei ny melding til den komande økonomisjefen i Kviteseid. « Eg trur det blir krevende både for deg og meg å koma vidare på ein god måte no. Kan du vurdere di stilling?», spør han.
I mellomtida har tilsettinga av ny økonomisjef/assisterande kommunedirektør vekt reaksjonar. I fleire ytringar i VTB har det blitt stilt spørsmål med bakgrunn i at det i august blei kjent at Løkslid hadde hatt eit hemmeleg forhold til ein Ap-politikar og at han ikkje hadde vore ærleg når han blei konfrontert med det. Avisa Varden skreiv også at den dåverande fylkesordføraren skal ha sendt nakenbilde uoppfordra til ei kvinne.
12. oktober skreiv VTB at Løkslid ikkje har fullført bachelorgrad, som var eit minimumskrav som kommunen stilte til jobben som økonomisjef. Det fekk fleire til å reagere.
– Eg meiner at tilsettinga er lovstridig, sa Ole André Oftebro i Advokatfirmaet Føyen til NRK om saka.
Kommunikasjon
VTB har også fått innsyn i SMS-ane mellom kommunedirektør Thorsen og Løkslid.
«Ny kontrakt er sendt deg no! Eg skreiv inn punkta du ville ha spesifisert og det eg vil ha med og noko opp på løn! Fint om du ser på det og tek ein rask avgjersle!», står det i melding frå kommunedirektøren 2. oktober.
Kort tid etter blir tilsettinga offentleggjort.
Etter kvart handlar kommunikasjonen mellom Thorsen og Løkslid mellom anna om spørsmål frå VTB. Løkslid vidaresender spørsmåla til kommunedirektøren og svara han har tenkt å gje lokalavisa. Eitt av spørsmåla gjekk på om han blei tipsa om å søke stillinga av nokon i kommunen.
«Stillinga som økonomisjef/assisterande kommunedirketør blei eg gjort kjent med via Finn.no», varslar Løkslid at han vil svare.
Kommunedirektør og den nye økonomisjefen melder også om utlysingsteksten på ei ledig stilling på rekneskapsavdeliga i kommunen, om kurs og om leiarsamling i kommunen.
– Katastrofe
VTB var i kontakt med kommunedirektør Laila Thorsen sundag. Ho var då sjuk og orka ikkje kommentere saka, men til Varden uttala ho:
– Det er ei katastrofe. Rett og slett. Det er heilt bak staur og veggar, om SMS-en frå ordføraren til Løkslid der han spurde om han ville vurdere stillinga si.
Ho seier vidare at ho blei sjokka og fekk vondt i magen.
Ordførar Tarjei Draugedal angrar på SMS-korrespondansen.
– Huff, eg har vore så sur på meg sjølv, seier Draugedal når VTB tar kontakt måndag.
Han seier vidare at meldinga til Løkslid, der han oppmoda han til å søke på økonomisjefstillinga, var ei forlenging av ei samtale på Nutheim i vår.
– Me sat og småprata der på jobb og hadde det triveleg. Han sa blant anna at om eg hadde jobb til han i Kviteseid så kom han dit.
Draugedal meiner det blei sagt i ein fleipete tone. Han seier vidare at då Løkslid måtte gå av som fylkesordførar syntest han synd på han.
– Eg tenkte at då får me gå ei mil ekstra med han. For å innleie ei samtale med han skreiv eg at det var ledig stilling i Kviteseid.
Ordføraren seier han tenkte at livet må gå vidare, og stilte også hytta si til disposisjon for Løkslid.
– Det var reint medmenneskeleg, ikkje noko anna. Når du har det tøft må du få lov til å gå ein runde, seier han.
Draugedal fortel at det blei stille ein periode, og at han ikkje visste om Løkslid hadde søkt på stillinga.
– Så kom dagen då me fekk beskjed om at han hadde søkt. Då måtte eg gratulere, og så blei han tilsett.
– Kvifor sendte du meldinga der du spør om han vil vurdere stillinga si?
– Det dukkar opp så mange ting etter kvart. Eg blir fortvila på vegner av kommunen. Når eg vaknar sender eg den dumme meldinga eg aldri skulle ha sendt. Det var i rein fortviling. Spørsmålet skulle ikkje vore sendt, men gjort er gjort, seier ordføraren.
– Kva tenker du om at kommunedirektøren kallar det «katastrofe» og «heilt bak staur og veggar»?
– At det er hennar område er eg fullstendig klar over. Men det var i rein frustrasjon eg sendte melding, og eg angrar på det. Men alle desse meldingane må ein også sjå i eit lengre perspektiv. Det er ei historie bak kvar melding, seier Draugedal.
– Kva tankar gjorde du deg då du spurde ein kommunalt nytilsett om å vurdere si stilling?
– Eg var fortvila på kommunens og hans vegner.
Draugedal legg til at han heile tida har sagt at når Løkslid er tilsett skal dei behandle han ordentleg.
Svarar ikkje
VTB har spurt Løkslid om korleis han opplevde å få melding frå ordføraren med spørsmål om han kunne vurdere stillinga si og kvifor han valde å sende meldinga vidare til kommunedirektøren. Me har også spurt om han har kommentar til at ein jus-ekspert meiner at tilsettinga er ulovleg, og kva han tenker om å starte opp i stillinga i Kviteseid 16. desember. Løkslid har førebels ikkje svara lokalavisa.
VTB har bede om innsyn i mellom anna Sven Tore Løkslid sin søknad og grunngjevinga for korleis namnet han blei unntatt offentlegheita. Dette blei gjort 5. oktober. Lokalavisa har framleis ikkje fått svar trass i fleire purringar.