Dei siste 15 åra har Vest-Telemark mista 27 personar i sjølvmord
Frå 2009 til 2023 tok 27 personar i Vest-Telemark sitt eige liv. Eit klart fleirtal er menn.
«Ingen å miste» heiter regjeringas handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Med handlingsplanen innførte regjeringa nullvisjon for sjølvmord. Men kvart år tek om lag 650 menneske sitt eige liv. I 2023 var talet 707. Me må tilbake til 80-talet for å finne eit høgare tal.
I Noreg er om lag to av tre som tek sjølvmord menn. Også i Vest-Telemark er det eit klart fleirtal av menn som tek livet sitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treng du nokon å snakke med:
Treng du akutt hjelp: 113
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Mental helse: 116 123
Mental helse har også ein chat: mentalhelse.no
Chatteneste for ungdom: mentalhelseungdom.no
Du kan også ta kontakt med fastlegen din.
Menn og sjølvmord
Nokre år er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka hos unge menn. Sjølv om det er fleire menn som tek sjølvmord, er det fleire kvinner som har oppsøkt hjelp. Ifølge tal frå FHI (Folkehelseinstituttet) hadde 49 prosent av alle menn som tok sjølvmord vore i kontakt med fastlegen om psykisk helse det siste året. For kvinner var talet 67 prosent.
Mental helse opplyser at 37 prosent av dei som ringde hjelpetelefonen deira i løpet av 2023, var menn.
– Det er ei utfordring å få menn til å søke hjelp ved krise, så det er behov for å vurdere nye måtar å tilby hjelp på.
Det seier Knut Oftung. Han er mannsforskar og fagdirektør ved Likestillings- og diskrimineringsombodet.
– Samfunnet har skapt ideen om at det er skambelagt for menn å ha psykiske problem. Det blir sett på som å vere svak, seier han.
Oftung har saman med Likestillings- og diskrimineringsombodet gjennomført ei kartlegging av lågterskeltilbod innan psykisk helsehjelp retta mot menn i norske kommunar.
Berre 17 kommunar hadde eit slikt tilbod, og berre 4 av desse tilboda var mogleg å finne på heimesida til kommunen. I Vest-Telemark har ingen av kommunane slike tilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kommunane må jobbe for å få eit meir synleg, lettare tilgjengeleg og relevant tilbod for menn, seier Oftung.
Nina Danielsen er leiar for førebygging av ved Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord (Leve).
Noko så enkelt som å sjå på gjelda og få hjelp til å gå gjennom posen med rekningar og alle dei raude breva.
– Ein av mytane innan sjølvmordsførebygging er at det berre er dei som er djupt psykisk sjuke som har sjølvmordstankar, seier ho.
Danielsen meiner hjelpeapparatet er veldig opptatt av å stille ei diagnose, men at det til dømes ikkje er nokon diagnose for samlivsbrot eller gjeldsproblem.
– Å slite med gjeld er skambelagt hos mange, og sjølvmordstankane kan vere eit symptom på at det kjennest overveldande. Noko så enkelt som å sjå på gjelda og få hjelp til å gå gjennom posen med rekningar og alle dei raude breva, kan vere sjølvmordsførebyggande, seier Danielsen.
Ho fortel at lågterskeltilbod for menneske med sjølvmordstankar, slik som Livslosen, har betre balanse mellom kvinner og menn enn klassiske psykiske helsetilbod der kvinner dominerer.
– Me må sjå på korleis me har rigga både helsevesenet og andre støttetenester i samfunnet for betre å kunne nå desse mennene i sårbare periodar, seier Fredrik Walby som er forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og førebygging.
Han meiner me treng auka kunnskap om kvifor menn i mindre grad søker hjelp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vanskelegare å nå menn
Ingen av kommunane i Vest-Telemark har særskilde tiltak for å nå menn. Dei fleste av kommunane oppgjev at det er fleire kvinner som får oppfølging enn menn.
Men i Fyresdal er kjønnsfordelinga nokså jamn. Kommunalsjef for helse og omsorg Anne Veum, fortel at dei har nå tilsett ein mann innan psykisk helse og rus.
– Det kan vere lettare for somme menn og ta kontakt med ein mann, skriv ho i ein e-post til VTB.
– Det er nok kvinner som er mest representert når det kjem til oppfylging frå psykisk helse, men me ser samstundes at skilnaden ikkje er så stor som tidlegare år. Det kjem fleire førespurnadar frå menn nå enn før, opplyser Maria De Lange Sødal i Seljord kommune.
I Vinje har dei totalt 114 personar som har vedtak om psykisk helsetenester – 70 kvinner og 44 menn. I Kviteseid er om lag ein fjerdedel av dei som har vedtak, menn.
– Det kan vere vanskeleg og nå menn, og me ser at kvinner også er overrepresentert i gruppetilboda våre. Me har gruppetilbod som kan famne både menn og kvinner, til dømes ei bålgruppe, opplyser kommunen via kommunalsjef for velferd, Thormod Moi Felle.
I fjor vart Verdsdagen for psykisk helse markert med eit foredrag med Daniel Kvammen.
– Foredraget hadde eit ekstra fokus på menns psykiske helse, men det var svært få menn å sjå i salen, påpeikar kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
På Kviteseid skule har dei eit samarbeid mellom skulen og psykisk helse som dei kallar «guteprat».
Også i Nissedal fortel dei at fleire menn har teke kontakt dei siste åra.
– Me har tilsett ein mann i psykisk helse. Det er for tidleg å seie om det er ein årsak til at fleire menn har tatt kontakt dei siste åra, eller om det er tilfeldig, skriv Hild Riseth Fjone i ein e-post til VTB.
Alle har fokus på dei unge
I 2023 tok 135 unge under 30 år livet sitt. I 2022 var talet 125, viser tal frå Dødsårsaksregisteret. To av tre unge som tek livet sitt er gutar.
Ungar skal ha på seg hjelm når dei syklar, dei skal lære seg å symje og ikkje klatre høgt i tre. Så viser det seg at den største faren i livet er dei sjølve.
Nina Danielsen i Leve meiner me har mykje fokus på den fysiske helsa til barn og unge, men lite på den psykiske.
– Ungar skal ha på seg hjelm når dei syklar, dei skal lære seg å symje og ikkje klatre høgt i tre. Så viser det seg at den største faren i livet er dei sjølve, seier ho.
Danielsen seier det er mykje enklare å engasjere seg rundt plaster og solkrem, enn å sjå og forstå utanforskap, mobbing, prestasjonspress og mangel på tilhøyre.
– Ein tenker ofte at dei som tek livet sitt, er barn som er veldig traumatisert, som har opplevd misbruk og så vidare, så det gjeld ikkje oss. Slik er det ikkje, og om me tenker slik, blir me blinde for faresignal, meiner ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle kommunane i Vest-Telemark opplyser at dei arbeider førebyggande med barn og unge. Alle kommunane seier det er eit tett samarbeid mellom psykisk helse og skulane. VTB har vore i kontakt med psykisk helse i alle dei seks kommunane. Dei har fleire tiltak retta mot barn og unge. Nokre av dei er nemnt her.
– Psykisk helse har tett samarbeid med skulane, både grunnskule og vidaregåande. Me er inne i alle klassene på vidaregåande med informasjon om tenesta, opplyser fagleiar i psykisk helse og rus i Tokke kommune, Elin Erikstein.
I Fyresdal er psykisk helse tilgjengeleg på ungdomsklubben og på skulen i storefri enkelte dagar.
I Seljord kommune er det ei stilling innafor psykisk helse som er retta inn mot barn og unge. Denne personen deltek mykje i skulesamanheng, oppsøkande team og har tett dialog med leiar av ungdomsklubb og helsesjukepleiarar. Medan det er helsestasjonen som arbeider mest retta mot barna i kommunen. Alle helsesjukepleiarane har kompetanse i sjølvmordsførebygging.
I Kviteseid har dei «Jentesnakk» som er eit gruppetilbod i 8. klasse, dette blir styrt i samarbeid med sosiallærar og psykisk helse. Dei samarbeider også om ART (agression replacement training) i 7. klasse, dette er eit gruppeprogram for trening av sosial kompetanse. Dei har også samarbeidd med frivilligsentralen om ungdomskaféen som har vore eit tilbod annankvar torsdag på Kafé Hvidesøe.
– Me håpar å kunne bruke våre ressursar til å jobbe godt førebyggande også framover, då dette er sentralt for at ein frå tidleg av skal kjenne seg i stand til å meistre livets opp- og nedturar, opplyser kommunen.
Hausten 2023 oppretta Nissedal kommune ei ny full stilling som arbeider inn mot barn og unge – personen samarbeider tett med helsesjukepleiar, miljøterapeut på skulen og heimen.
I Vinje har dei også hatt kommunepsykolog som dei har samarbeidd med i høve til barn som er pårørande til vaksne som har tatt sjølvmord eller hatt sjølvmordsforsøk. Stillinga er for tida ledig, men kommunen jobbar for å få dette på plass att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om det skjer sjølvmord i barne- og ungdomsgruppa vil det bli sett i verk tiltak av førebyggjande karakter for å hindre eventuell smitteeffekt, opplyser avdelingsleiar for psykisk helse og rus Lena Renate Eilefstjønn, til VTB.
Psykisk helse i kommunane:
I kommunane er det ein del variasjonar når det kjem til ressursar dei har til psykisk helse. Korleis er dette i Vest-Telemark?
Vinje: 14 årsverk som arbeider psykisk helse og rus.
Seljord: 5,65 årsverk.
Tokke: 5,2 årsverk.
Kviteseid: 4,2 årsverk.
Nissedal: 3,7 årsverk. (2,6 årsverk faste stillingar, 60 prosent prosjektstilling som arbeider med kommunalt rusarbeid og 50 prosent er ei prosjektstilling som SLT-koordinator)
Fyresdal: 100 prosent fast stilling som arbeider med psykisk helse og rus. I tillegg har dei søkt om tilskotsmidlar, og oppretta ei stilling som miljøterapeut i 100 prosent.
Slik har VTB jobba med denne saka:
Fakta og talgrunnlag i desse sakene er utarbeida av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Tala gjeld dei siste 15 åra, frå 2009-2023. VTB ser Vest-Telemark under eitt og har ikkje brote tala ned på kommunenivå.