Familien visste at Tor ikkje hadde det bra. Då han tok livet sitt var det likevel eit stort sjokk
Tor Haugen var ektemann og far. Dyktig tømrar og arbeidsam bonde. Ein heilt vanleg måndag i mai 2013 tok han sitt eige liv.
Arbeidsam.
Det er det fyrste ordet Anne Birgit Sollid brukar når ho skal skildre mannen Tor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anne Birgit var seksten år då dei vart kjærastar, Tor tre år eldre.
– Me var så einige om alt, og voks vel saman. Eg er sikker på at det hadde vore oss framleis.
Dei etablerer seg på Skare i Morgedal og stiftar etter kvart familie. Anne Birgit fortel at dei to gjekk på ski saman, at familien var mykje ute og tok med ungane på turar, kanskje berre nede på jordet når dei var små. Tor var veldig opptatt av dei tre ungane. Dei var ein nær familie – alle fem.
Dei siste månadane av 2012 endrar noko seg. Tor byrjar å trene. Mykje. Blir veldig opptatt av å ete sunt. Anne Birgit reagerer. Dei har vore opptatt av å ete sunt før også, men dette kjennest ekstremt. Ho er borte eit par veker før jol, då ringer han fleire gonger til henne på dagtid. Det har han heller ikkje gjort før.
– I ettertid tenker eg at han sikkert har vore redd. At han har merka at noko skjedde med han.
Rundt joletider ser Anne Birgit at all treninga og det nye kosthaldet ikkje berre er sunt. På nyåret orkar ikkje Tor å reise til Oslo på jobb.
– Då sa eg til han; nå treng du hjelp.
Og Tor får hjelp. Han oppsøker fastlege, blir sjukmeldt og raskt vist vidare til DPS (distriktspsykiatrisk senter) i Seljord. Han går til samtaler ein gong i veka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det gjer han dei neste månadane. Heilt fram til han døyr 6. mai. Tidleg på dagen ein heilt vanleg måndag.
– Han gjekk ut for å sjå om me hadde fått kalvar, fortel Anne Birgit.
Tor kjem aldri tilbake. Tilbake står Anne Birgit, og dei tre barna Kristin, Ragnhild og Tarjei.
To av tre er menn
Historia om Tor er ikkje unik. Dessverre.
I snitt tek 655 personar i Noreg livet sitt kvart år. Om lag to av tre er menn. Dei siste femten åra, frå 2009 til 2023, tok 27 personar i Vest-Telemark sjølvmord, også her er det eit klart fleirtal av menn.
Likevel er det få kommunar som har eigne tiltak retta mot menn. Slik er det i heile landet. VTB har spurt kommunane i Vest-Telemark om dei har eigne tiltak retta mot menn og psykisk helse – ingen har det.
Fem av dei seks kommunane opplyser at det er klart flest kvinner som tek kontakt og får eit tilbod. Samstundes seier fleire av kommunane at det er fleire menn som søker hjelp nå enn for nokre år sidan.
– Det er ei utfordring å få menn til å søke hjelp ved krise, så det er behov for å vurdere nye måtar å tilby hjelp på, seier mannsforskar og fagdirektør ved Likestillings- og diskrimineringsombodet Knut Oftung.
Artikkelen held fram under annonsen.
Glad dei visste
Med Tor var det kanskje litt annleis. Han fekk hjelp, og familien var opne om problema han hadde.
Kristin er eldst i syskenflokken, ho var atten år og gjekk på vidaregåande i Bø på denne tida. Ho hugsar godt at foreldra fortalde at pappa var sjuk.
– Me var på Hovden i vinterferien, og då fortalde dei at pappa var deprimert og ikkje hadde det bra. At han var sjukmeldt og fekk behandling på DPS i Seljord.
Anne Birgit nikkar. For sjølv om ho alltid hadde vore meir open enn han, og Tor var mindre komfortabel med å fortelje det til ungane, var dei einige. Han hadde også eit behov for at ungane skulle vite.
Kristin er glad for det, og meiner at det at ho og syskena visste at han var sjuk gjorde at dei seinare hadde noko å hekte sjølvmordet på.
– Pappa var jo ikkje slik han brukte å vere. Då han tok livet sitt i mai, visste me at han ikkje hadde hatt det bra. Han var jo ikkje den pappaen som me brukte å kjenne til.
I tida før merka også Kristin at pappa var stille, gjekk litt forsiktig. Ho skildrar faren som ei energibombe med masse godt humør. Men ein slik pappa er han ikkje denne vinteren.
Berre nokre dagar etter at han er død seier Kristin – det er jo ikkje pappa som har gjort dette. Han er jo sjuk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle tre syskena har plassert dette på at han var sjuk. Det er ikkje han som pappa som har tatt livet sitt og reist frå oss. Det er viktig, seier Anne Birgit.
Aldri feil å spørje
For familien var det eit stort sjokk at Tor tok livet sitt. Sjølv om han ikkje hadde det bra i tida før, trudde aldri Anne Birgit at han kunne gjere noko for å skade seg sjølv.
I dag skulle ho ønske hjelpeapparatet hadde brukt eit meir direkte språk, då hadde ho kanskje tenkt litt annleis sjølv.
Fredagen før Tor døyr, ringer Anne Birgit nemleg til DPS. Tor har då gått til behandling i nokre månadar, og Anne Birgit har også vore med på nokre samtaler.
– Eg ringde og sa at han ikkje har det bra. Då spurte personen i telefonen; er du redd for han? Eg kopla ikkje det, og trudde ho meinte om eg var redd for min eigen del.
Anne Birgit skulle ønske ho fekk eit direkte spørsmål – er du redd for at han kan skade seg sjølv?
Då hadde ho kanskje tenkt litt annleis seinare i helga.
Sundagen er hektisk på Skare i Morgedal, det er konfirmasjon i selskapslokala på låven. Tor held seg i nærleiken av Anne Birgit, og det er tydeleg at han ikkje har det bra. Til slutt spør ho om han hadde hatt det betre ein annan stad, om han var innlagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då svara han; nei, men det hadde kanskje vore betre om de vart kvitt meg.
Men ho koplar ikkje dette. Tanken på at Tor skulle gjere noko for å skade seg sjølv er aldri der.
– Men hadde eg fått det direkte spørsmålet frå DPS hadde eg kanskje tenkt litt annleis.
Anne Birgit rår andre pårørande til å bruke eit direkte språk.
– Ver tydeleg og direkte. Det er aldri feil, og det er ikkje farleg å snakke om at ein vil døy.
– Rett og slett spørje; har du lyst til å døy, eller tenker du på at du heller vil døy, seier Kristin.
Ho er sjukepleiar og har tidlegare jobba i psykisk helse. Ho fortel at det alltid er rett å ringe helsevesenet – og ikkje tenke at du skal stå i dette aleine.
– Då veit ein i alle fall for sin eigen del at eg ringde, eg bad om hjelp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den vonde beskjeden
Anne Birgit har tenkt mykje på dette. For Kristin har det vore utfordrande å takle måten ho fekk den vonde beskjeden på.
– Det har blitt eit slags traume, fortel ho.
Kristin er på skule i Bø den dagen faren døyr. Medan ho ventar på bussen heim ringer telefonen til ei venninne. Venninna byrjar å grine, Kristin blir bekymra, men venninna vil ikkje fortelje kva som har skjedd. Kristin har ei avtale med bestemora i Seljord, dei skal kjøpe TV til den nye leilegheita, same helg har Kristin nemleg flytta for seg sjølv.
Men nå får ho ikkje tak i bestemor, magekjensla blir stadig dårlegare.
På busshaldeplassen i Seljord ser ho onkelen. Og diakon Eilev Erikstein. Då skjønar ho at noko alvorleg har skjedd.
– Onkel fortalde at pappa er død, at han har tatt livet sitt.
Kristin kjenner på sinne. Ho har trøysta venninna. Og så er det pappaen hennar det gjaldt.
Den fyrste dagen kjenner ho mest på sinne. Det tek litt tid før ho klarer å ta innover seg at pappa er borte. Erfaringa er vond, og bodskapen klar – ingen bør få ein slik beskjed over telefon.
Ungane ville ikkje snakke med kriseteamet. Huset var likevel fullt – politi, lege og Eilev. Familien opplever at dei har god tid, dei kan stille alle spørsmål og blir godt tatt vare på.
Kristin og Ragnhild kjenner på sinne, tenkte då at faren ikkje fekk den hjelpa han trong. Det blir avtalt eit møte hos DPS.
– Me vart møtt med Kleenex-boksen og spørsmål om kva dei kunne gjere for oss.
Det hjelpte ikkje og dei reiste aldri tilbake.
I dag skulle Kristin ønskt at det ikkje berre hadde vore opp til dei sjølve om dei ville ta kontakt med hjelpeapparatet seinare. Men at det også var eit pliktmøte ei tid etter, når sjokket har lagt seg.
– For me har jo behov. Då kriseteamet var her så tett etter at det skjedde, visste me ikkje kva me skulle seie, men når det kom litt på avstand kom det mykje kjensler.
Også for Anne Birgit kom behovet for å prate med nokon profesjonelle etter ei tid. Diakonen vart viktig for familien.
– Eilev dukka opp her i ganske lang tid etterpå, prata om alt og ingenting. Ein heilt fantastisk mann, seier Anne Birgit.
For sorga blir ikkje borte, den kjem stadig tilbake.
I 2019 bestemmer Anne Birgit seg for å slutte med dyr. Fram til då har ho drive aleine, med mykje og god hjelp. Men til slutt går det ikkje lenger.
– Eg sat borti beitet her med kyrne rundt meg, og grein og grein, klarte ikkje slutte. Og eg tenkte; kvifor grin du nå? Fordi du skal slutte med dei dyra og få mindre arbeid?
Ho ler litt.
– Eller fordi du skal avslutte noko som du og Tor hadde saman?
Treng du nokon å snakke med:
Treng du akutt hjelp: 113
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Mental helse: 116 123
Mental helse har også ein chat: mentalhelse.no
Chatteneste for ungdom: mentalhelseungdom.no
Du kan også ta kontakt med fastlegen din.
Livsverket Skare gard
Skare gard i Morgedal vart Anne Birgit og Tor sitt store, fellesprosjekt.
– Livsverket, kallar dottera Kristin det.
Både Anne Birgit og Tor vaks opp i Flatdal, men far hennar arva etter kvart garden i Morgedal. Det er to hus på garden, og Anne Birgit og Tor flytta inn då ho var tjue. Foreldra hennar budde i same tun.
Prosjekta venta på Skare. Nå kan Anne Birgit le av gamle bilde med stillas rundt huset og materialstablar, ungar, trehjulssyklar og barnevogner. Det var travelt for begge to.
– Han har verkeleg snikra her, og eg har vore handlangar.
For eit par år sidan flytta foreldra hennar til Seljord, Anne Birgit over i kårbustaden og Kristin inn igjen i barndomsheimen.
Kristin har gode minne frå barndommen på Skare.
– Me har hatt ein fantastisk oppvekst. Me har verkeleg budd på ein bondegard.
Hest og gris, høner og kaninar, kopplam og esel, og ammekyr levde saman med dei på Skare.
Når ungane ønskte seg nye dyr til garden var svaret frå foreldra:
– Ja, viss de vil det så prøvar me! Det var kos og kaos. Kyr på vilska og grisar i tunet. Det har vore veldig fint.
Kristin kjenner det ekstra på spesielle dagar, dei blir aldri som før – jol, farsdag, når ein er ferdig med eksamen eller overtek familiegarden.
Nå har ho og sambuaren bestemt seg for at dei vil kjøpe Skare og drive vidare. Men pappa får aldri opplevd det.
– Han hadde jo vore så stolt, seier Kristin.
At ungane ikkje har ein pappa i livet er den største sorga for Anne Birgit. Ho blir rørt, men også fylt med gode kjensler av å tenke på alt dei har delt, kor mykje eit menneske har betydd.
Men ho tenker også på alt han går glipp av.
– Eg synest det er så trist.
Anne Birgit og Kristin veit korleis sjølvmord råkar, kor mange som blir påverka og kor lenge sorga varar. At sjølvmordstala er så høge er trist.
– Eg skulle ønske det vart null av at me er opne. Eg trur ikkje me kjem dit, men kanskje det i alle fall kan bli færre, seier Anne Birgit.
Ho tenker særleg på dei unge som tek sjølvmord.
– Eg skjønar at livet er mykje motgang, men det går alltid bra – ein må stake ein ny veg, få hjelp. Det er så vondt å tenke på at folk har det så vondt at dei ikkje har håp meir.
Sjølv klarer ho ikkje forstå det.
– Det finst alltid håp, alltid ei løysing, alltid ein moglegheit og hjelp å få. Livet er så bra.
Slik har VTB jobba med denne saka:
Fakta og talgrunnlag i desse sakene er utarbeida av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Tala gjeld dei siste 15 åra, frå 2009-2023. VTB ser Vest-Telemark under eitt og har ikkje brote tala ned på kommunenivå.