Kvinne står framfor ei vegg med fargeprøver og ser mot kamera.
Marlyn Solvang

Marlyn vil gjerne vere ved Katthyl ein fin sommardag

Publisert Sist oppdatert


Namn: Marlyn Solvang

Alder: 54

Bur: Seljord

Gjer: Monter-tilsett

Kva er planane dine denne sommaren?

- I sommar skal eg heim til Karmøy for å besøke familie.

Har du eit sommarminne du vil dele?

- Det må vere då me var ute på padlebrett, og ei ørn flaug over oss.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

- Mannen min.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

- Likeverd.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

- På ein fin sommardag vil eg gjerne ta turen til Katthyl i Åmotsdal eller kanskje ta turen til ein badeplass i Hjartdal.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

- Då ville eg tatt dei med til aktivitetsområdet i Flatdal.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt? 

- Spør kønn i kassa etter pøse.

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

- Mannen min <3


Powered by Labrador CMS