Marius vann premie etter brannvern-oppgåve
Sjetteklassingane har sjekka kvar dei skal møte om brannalarmen går, lært kvifor det er viktig å bytte batteri i røykvarslaren og korleis ein høyrer om brannsløkkingsapparatet fungerer. Og jammen blei det premie i kalenderen frå brannvesenet også.
Over halvparten av bustadbrannane i Noreg skjer på grunn av elektrisitet. Det kan kome av feil på eller bruk av elektriske apparat eller feil på det elektriske anlegg, melder Brannvernforeninga.
Brannvern er viktig og difor ynskjer også Vest-Telemark brann og redning å lære barn og unge om brannvern. Før jol kvart år reiser dei på besøk til alle 6. klassene i regionen. Elevane i Kviteseid hadde besøk av branninspektør frå Vest-Telemark brann og redning, Thomas Veting, i slutten av november.
– Me snakka om brannvern generelt, delte ut årets julekalender og oppmoda alle til å delta på konkurransane der, og elevane fekk mellom anna prøve å sløkkje eld i eit kar med skumapparat, fortel han.
6.-klassingane i Kviteseid fortel at dei også fekk heimelekse av branninspektøren.
– Me måtte spørje heime om kvar me skulle møte dersom brannalarmen går, om det er bytta batteri på røykvarslarane og kvar ein finn sløkkeapparat, fortel elevane.
Veting seier at dei totalt har vore på besøk til 160 elevar i Vest-Telemark i haust, og at det er ekstra gledeleg når ein kan kome tilbake til ei klasse for å dele ut premie.
Kule premiar
På skulen samlar elevane bokstavar til eit felles løysingsord dei skal finne ut frå lukene i kalenderen, men elevane kan også fylgje ein digital kalender med lærerike oppgåver heime. Det hadde mellom anna Marius Skipar Thomassen gjort. I luka for 3. desember såg han ein film og svara på nokre spørsmål. Det lønte seg, for han var den heldige som vann eit gåvekort frå Power på 1000 kroner. Og difor kom branninspektøren tilbake på skulen.
Marius fortel at filmen handla om kvifor det er viktig å trekke ut støpselet etter ein har bruka elektriske apparat, og at mannen i filmen gjorde ein feil då han var ferdig med å støvsuge.
– Han bruka beinet til å trekke ut støpselet, seier Marius og blei minna på at både leidningar og støpsel kan få skadar når dei blir bøygd, blir dratt i eller knekt på. Han lærte av filmen at det difor er viktig å halde i sjølve støpselet når ein trekker den ut av stikkontakten – og ikkje dra i leidningen.
Veting minna også elevane på at dei kan vere med på klassekonkurransen, og teikne bidrag til neste års julekalender for brannvesenet.
– Vinnarklassa får dekorere kalenderen som blir delt i heile Noreg neste år, og dei kan også vinne ein pølsefest for elevar og lærarar i klassa, fortalde Veting som gjerne kjem på endå eit klassebesøk dersom elevane er heldige og vinn att.