Maria blir ny kyrkjeverje
1. november startar Maria Nese Taxerås i jobben som kyrkjeverje i Tokke.
Stillinga som kyrkjeverje i Tokke vart ledig då Bjørnar Christensen etter 13 år i jobben slutta tidlegare i haust. Nå har Maria Nese Taxerås fått stillinga. Ho bur på Austheii i Tokke kommune, og har vore tilsett som kyrkjeverje i Kviteseid.
Nå har ho fått ny jobb og 1. november går ho over i full stilling som kyrkjeverje i heimkommunen.
– Då denne stillinga blei ledig hadde eg eit ønske om å jobbe i same kommune som eg bur i. Ein jobb på Dalen gjer også familiekabalen vår mykje enklare, fortel Nese Taxerås til VTB.
Ho likar godt arbeidet som kyrkjeverje.
– Det er fordi ein jobbar med noko som er viktig for mange. Det er ein jobb som tek vare på tradisjonar, kyrkjebygg og som rommar dei store ritene i folk sine liv – dåp, bryllaup og gravferd, seier Nese Taxerås.