
Livreddande lærdom ved bryggekanten
Tryggleik på vatnet var tema då representantar frå politiet, brannvesenet, Røde Kors og Kviteseid kommune inviterte ungdomsskuleelevane i Kviteseid til ein annleis skuledag med praktiske øvingar i fyrstehjelp og båtvett.
– Dette er ein del av det førebyggande arbeidet me gjer i kommunen, seier John Gramstad, som er SLT-koordinator i Kviteseid.
Han fortel at temadagen «Trygg i vatn» blir arrangert for sjette året på rad. Både politi, brannvesen, Røde Kors, tilsette i kommunen og diakon Eilev Erikstein er til stades. Alle stiller opp frivillig.
– Målet er å gje ungdomane både praktisk kunnskap om livreddande fyrstehjelp, og ei forståing av kva for ressursar som blir sette i sving når noko skjer.

Det vil òg bli snakka om det å ta val – korleis ein vurderer vala ein tek, og kva slags konsekvensar dei kan få. Eit viktig mål er at ungdommen skal forstå at vala dei tek, kan få negative eller uynskte konsekvensar – både for dei sjølve og for andre.
– Dette er hovudbodskapen, som blir formidla gjennom ulike aktivitetar, seier John.
Han peikar på at sjølv om opplegget er mykje likt frå år til år, så er det ein viktig og meiningsfull dag.
– Tilbakemeldingar frå både tilsette på skulen og elevane er at dei opplever det som nyttig, og at det er ein annleis dag på slutten av året som blir fylt med noko meiningsfullt, seier han.
Vil få dei til å tenke
Den pensjonerte politimannen Bjørn Håvard Olsen fortalde om bakgrunnen for at initiativet «Trygg i vatn» vart starta opp.
– Etter ei tragisk drukningsulykke i Fyresdal for nokre år sidan, vart gruppa «Tak vare på kvarandre – me har ingen fleire å miste» starta. Målet var å jobbe førebyggande for å hindre liknande hendingar, forklarar han.

Det var tidlegare ordførar Bjørn Nordskog som i 2019 tok initiativet til å arrangere ein eigen dag der fleire instansar samarbeider for å førebygge ulykker.

– Me har eit flott vatn her i Kviteseid, og mykje båttrafikk, og me ser at det dessverre er mange som kanskje ikkje tenker så mykje på dette med redningsvest. Mange trur det held å kunne symje, men om du blir slått i svime, hjelper det lite, understrekar Bjørn Håvard.
Merethe Reinskås og Arne Dag Lassemo frå Fyresdal Røde Kors peikar på kor viktig det er å påverke ungdom til å reflektere over vala dei tek.
– Det handlar ikkje berre om å lære fyrstehjelp og kva dei skal gjere i ein naudssituasjon – det viktigaste er å få dei til å tenkje, seier Merethe.
– Neste gong dei står overfor eit val, til dømes om dei skal vera med i ein båt eller bil, så kan dei kanskje ta seg eit par sekund og tenke seg om ein gong til – og ta gode val, legg ho til.
Politibåt, promillebriller og fyrstehjelp
Gjennom dagen fekk elevane prøve seg på ulike aktivitetar, mellom anna med promillebriller. Ei praktisk øving i kor mykje dømmekraft og reaksjonsevne som forsvinn med alkohol i kroppen.
– Det var veldig rart. Eg følte meg svimmel og såg dobbelt. Men det var ganske gøy å prøve, seier niandeklassingen Marte Straand.
Ungdommane fekk også kjenne på kor vanskeleg det er å halde balansen i ein båt når ein simulerer påverknad frå alkohol og bylgjer.


Elevane lærte i tillegg hjarte-lunge-redning (HLR).
– Me har lært om det tidlegare, men det er veldig bra med ein repetisjon, seier Jhoemel Demandante.

– Og så er det fint med ein annleis dag, legg Håvard Brekka til.
Åttandeklassingane Natalie Indine Hansen, Eivor Jønholt Metveit, Helena Haugholt Aarhus, Vilde Grestad, Mari Heddejord og Luzzy Lundevall Hauge synest det er både nyttig og moro med ein litt annleis skuledag.
– Eg synest det er viktig og bra. Me lærer kva me skal gjera viss me kjem i slike situasjonar, seier Luzzy.
– Det er veldig viktig at ein klarar å tenke klart i slike situasjonar, legg Eivor til.
– Det er bra at dei går gjennom korleis me skal gjera det, meiner Mari.
Jentene fortel at dei har lært om livredding tidlegare, både i symjeundervisninga og på leirskule.
– Men me gløymer det litt, så det er bra å få repetert det, seier Luzzy.
Fleire av elevane har båt og er opptekne av tryggleik.
– Me brukar alltid vest, og passar på at dei som sit på også gjer det, seier dei.
– Eg har alltid liggande to ekstra redningsvestar i båten, og ingen får sitje på om dei ikkje brukar vest, understrekar Natalie Indine.
Dei fortel at det er heilt vanleg å bruke vest blant ungdomane.
– Alle brukar vest. Du blir heller sett rart på om du køyrer båt utan, seier dei.
