Kurve opp mot kolonneoppstillingsfeltet på Liamyrane. Midlertidig stålelement-undergang der masse- og anleggstrafikken skal gå over.

Legg om vegen. Den nye traseen skal fungere som E134 fram til slutten av 2030

Fredag blir E134 lagt over på ny veg på Liamyrane. Ny trase skal sikre trafikkflyt medan arbeidet med ny Røldalstunnel pågår.

Publisert

Den nye veglinja går noko lågare i dalsida frå Røldal og austover, og får ei S-kurve opp mot det nye kolonneoppstillingsfeltet på Liamyrane, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Den nye traseen skal fungere som E134 fram til slutten av 2030, når den nye Røldalstunnelen opnar. Fartsgrensa i området ved Liamyrane blir sett til 50 km/t.

Kvifor blir vegen lagt om?

Omlegginga er ein del av utbygginga av ny E134 Røldal–Seljestad, som starta sommaren 2025 og skal stå ferdig i slutten av 2030. I perioden 2025–2028 skal utsprengde tunnelmassar frå den nye Røldalstunnelen fraktast ut og nyttast til bygging av ny E134 frå tunnelportalen ved Vetlehovden over Liamyrane og vidare austover. For å handtere masse- og anleggstransporten trygt skal anleggstrafikken køyre over dagens E134, mens resten av trafikken går i ein undergang (kuvert).

Når den nye Røldalstunnelen opnar, er dagens veglinje planlagt omklassifisert til riksveg 13 frå Liamyrane til Røldal og vidare vestover mot Suldal. Trafikkmengda på vegen blir då vesentleg redusert samanlikna med dagens E134-trafikk, opplyser Vegvesenet.

Tunneldriving frå Liamyrane

I månadsskiftet november/desember vil dei også vere i gang med tunneldrivinga på austsida av den nye Røldalstunnelen ved Liamyrane. Då vil drivinga vere i full gang frå både vest og aust på den 12,4 km lange tunnelen. Frå Seljestad-sida starta drivinga 29. september, og er no kome om lag 220 meter inn i fjellet. Her arbeider Metrostav Norge AS med å utvide tunnelprofilet for å lage ei stor sirkulær snunisje for brøytebilar. Dei to tunnelinnslaga er planlagt å møtast midt inne i fjellet etter om lag tre års driving.

Powered by Labrador CMS