Lyst bygg med raudt tak ved eit grøntområde, med fjell og bustadhus i bakgrunnen.
Kvitsund gymnas i Kviteseid.

Kvitsund Gymnas vil utvide skuletilbodet. Fylkesdirektøren vil stoppe dei

Kvitsund Gymnas, ved rektor Christopher Andersen, har søkt Utdanningsdirektoratet om å få tilby Breiddeidrett 2. Fylkesdirektøren ønskjer ikkje å støtte søknaden.

Publisert Sist oppdatert

I 2016 fekk skulen godkjenning til å tilby Breiddeidrett 1 som valfritt programfag.

I 2024 fekk Kvitsund avslag på ein søknad om å tilby Idrettsfag med fleire elevplassar. Nå ønskjer skulen å starte med Breiddeidrett 2 frå skuleåret 2026–2027 utan å auke talet på elevplassar.

– Me har frå før godkjenning for tre enkeltfag frå programområdet idrett, og søkjer no om eitt til, Breiddeidrett 2, seier rektor Christopher Andersen.

Kvitsund Gymnas er godkjend for studiespesialisering.

– Argumentasjonen i fylkesbehandlinga då me sist søkte var at det låg ein auke i elevtal frå 200 til 220. Me forklarte at det blei teoretisk fordi kapasiteten er avgrensa til 200, men alle programgodkjenningar er sjølvstendige og då blir summen meir enn totalkapasitet, seier Andersen.

Fylkestinget i Telemark røysta i 2024 mot søknaden med 31 mot 29 stemmer.

Meir krevjande

I ei uttale frå Telemark fylkeskommune støttar ikkje fylkesdirektøren søknaden frå Kvitsund Gymnas om å starte med Breiddeidrett 2.

Fylkesdirektøren skriv at ei godkjenning av Breiddeidrett 2 på Kvitsund kan auke konkurransen om eit avgrensa elevgrunnlag og gjere det meir krevjande å oppretthalde robuste fagmiljø og ei tilfredsstillande breidde i dei eksisterande tilboda på Vest-Telemark vidaregåande skule og Bø vidaregåande skule.

– Eit utvida tilbod ved Kvitsund Gymnas kan føre til at fleire elevar vel skulen. Med eit avgrensa elevgrunnlag i regionen kan dette samtidig føre til færre elevar ved Vest-Telemark vgs. og Bø vgs, skriv fylkesdirektøren.

– Dersom det blir slik at innstillinga frå administrasjonen blir vedteken, så set Telemark fylke ein tydeleg og effektiv stoppar for tilnærma all utvikling av verksemda vår. Det er kanskje forståeleg når det gjeld heile programområdet, med teoretisk auke i elevtalet, men at enkeltfag ikkje skal bli godkjende når dei ligg innanfor den eksisterande godkjenninga for elevtal, verkar ekstremt, seier Kvitsund-rektoren.

Flyfoto av grøne jorde, hus og småbåthamn ved ein fjord omgitt av fjell.
Kvitsund Gymnas i Kviteseid.

«Spekulativt» frå fylkeskommunen

Kvitsund-rektoren uttaler at han synest det er problematisk at sakspapira frå fylkeskommunen insinuerer at Kvitsund «tek elevar» frå mellom anna Vest-Telemark vidaregåande skule.

– Når tabellar tek utgangspunkt i elevar frå Telemark, så ligg det ikkje føre dokumentasjon frå sakshandsamaren på at alle desse elevane ville ha valt til dømes Vest-Telemark vgs. dersom dei ikkje gjekk på Kvitsund. Når det faktisk står «kan dette samtidig føre til færre elevar ved Vest-Telemark vgs. og Bø vgs», blir dette spekulativt, seier han.

Han meiner mange elevar frå Telemark heller ville ha valt skular utanfor fylket om dei ikkje fekk gå på Kvitsund. 

– Frå vårt perspektiv bringer me mange elevar til Telemark. Det store fleirtalet av elevane kjem utanfrå fylket, fortel han.

Andersen legg til at dersom sviktande elevtal på fylket sine skular skal halde nede utvikling på Kvitsund, blir situasjonen krevjande.

– Det skjer i så fall samstundes som Kvitsund nærast er ei hjørnesteinsverksemd å rekne (…) Skulle Kvitsund miste alle moglegheiter for utvikling, så er det vanskeleg å sjå for seg at skulen vil halde fram med å tiltrekke seg tilsette og elevar til Kviteseid, seier han.

Han minner om at Kvitsund, sidan 2018, har hatt eit akkumulert underskot på om lag 45 millionar kroner, og seier at det er sannsynleg at ein vesentleg del av staben ved Kvitsund, og deira familiar, vil måtte flytte frå Kviteseid om Kvitsund skulle bli lagt ned.

– Ein slik situasjon ville ha hatt ein enorm innverknad på Kviteseid skule direkte, men også på idrettslag, politikk, næringsliv, kommuneinntekter og så vidare.

– Det er opp til politikarane

Helge Galdal, fylkessjef for utdanning, tannhelse og folkehelse, svarar på spørsmål frå VTB på vegner av Telemark fylkeskommune. Han seier først at det er fylkeskommunen si plikt å uttale seg ved oppretting eller utviding av tilbod ved private skular.

Helge Galdal er fylkessjef for utdanning, tannhelse og folkehelse.

– Før dette eventuelt blir godkjent i direktoratet, skal fylkeskommunen uttale seg om konsekvensar for det offentlege tilbodet.

– I uttala frå fylkesdirektøren står det blant anna: Viss Kvitsund Gymnas får utvide tilbodet med programfaget Breiddeidrett 2, kan det føre til redusert søking til studiespesialisering ved Vest-Telemark vgs. Rektor på Kvitsund meiner dette er spekulativt. Kva svarar de til det?

– Det er ingen tvil om at søking til Vest-Telemark vgs. blir redusert som følgje av Kvitsunds tilbod. Ved ei utviding med tilbod om breiddeidrett vil det også potensielt redusere søking til idrettsfag i Bø. Vår oppleving og våre undersøkingar tilseier at dette ikkje er spekulasjon, men fakta, seier Galdal.

– Rektor på Kvitsund meiner fleire elevar frå Vest-Telemark ville ha valt skular utanfor fylket om det ikkje var for Kvitsund, og at mange elevar kjem utanfrå fylket. Har fylkesdirektøren tatt med i si vurdering at mange elevar vel Kvitsund fordi dei ønskjer seg internatliv på vidaregåande, og ikkje får det andre stader i fylket, utanom på Søve?

– Det er godt mogleg at fleire ville ha søkt seg ut av Telemark utan Kvitsund, men det er ikkje noko me sit med faktakunnskap om, svarar Galdal.

Vidare seier han:

– Det er heilt sikkert elevar som blir tiltrekte av internatløysinga som Kvitsund tilbyr. Det har sjølvsagt stor verdi for enkelte.

– Kvitsund er ein stor arbeidsplass, og mange familiar i Kviteseid er knytt til skulen. Rektor meiner det er sannsynleg at mange tilsette og deira familiar vil måtte flytte om Kvitsund blir lagt ned. Er det god distriktspolitikk å ikkje støtte Kvitsund gymnas?

– Me anerkjenner Kvitsund som ein viktig hjørnestein og arbeidsplass i Kviteseid-samfunnet. Men det me er blitt bedne om å uttale oss om, er korleis eit utvida tilbod på Kvitsund påverkar den offentlege skulen. Det er opp til politikarane å avgjere kva som er god distriktspolitikk eller ikkje, avsluttar fylkessjefen.

Saka skal til politisk behandling i fylkeskommunen 14. oktober 2026.

Powered by Labrador CMS