Kolonnekøyring igjen på E134 over Haukelifjell
Det er igjen kolonnekøyring over Haukelifjell.
Det melde Vegveseenet klokka 18.18 tysdag.
Då VTB snakka med trafikkoperatør Hans Petter Medalen ved Vegtrafikksentralen tidlegare i dag sa han vêrforholda kunne bli krevjande utover dagen.
– Det er meldt nedbør over litt lengre tid, og vinden skal auke utover kvelden. Det er meldt 23–24 meter i sekundet i kasta i heile dag, seier han.
Vegen var open ein periode midt på dagen.
Kan bli stengt på kort varsel
Medalen understrekar at prognosane gir ein peikepinn, men at forholda på fjellet kan endre seg raskt.
– Det er vanskeleg å vite om vegen blir stengt. Mykje kjem an på korleis snøen og vinden slår ut, og korleis sikta blir for brøytemannskapa. Utover natta, fram til rundt klokka fire, er det meldt mykje vind, så ein må vere førebudd på at vegen kan bli stengt på kort varsel, seier han.
Medalen har klare råd til dei som skal over fjellet medan det er kolonnekøyring.
– Ha med varme klede, litt mat og drikke, gjerne teppe, og sørg for godt med straum eller drivstoff på bilen.
I kolonne må ein ofte bruke kaldluft for å ha sikt gjennom frontruta, og då kan det bli kaldt. Så ekstra klede er naudsynt, minner han om.
Ifylgje trafikkoperatøren er det relativt lite trafikk over fjellet tysdag.
Prognosane tyder på betre forhold onsdag morgon.
På vegvesen.no/trafikk kan ein følgje status for fjellovergangar og sjå prognosar for risiko for kolonnekøyring eller stenging, basert på vêr og sanntidsinformasjon.