I frisørstolen: Kunde Randi Nordskog nyter behandlinga og synest det er veldig hyggeleg å vera hjå frisør Kamilla Hauger Lauvstad.

Kamilla er tilbake i bransjen der ho starta

Etter 13-14 år i klesbransjen, som ein av innehavarane av Frøken Fin på Telesenteret i Seljord, er Kamilla Hauger Lauvstad tilbake som frisør. Heime i Villa Mo på Bjørgemoen driv ho både hudpleie- og frisørsalong.

Publisert Sist oppdatert

– Du veit kvar eg bur? Ja, og så går du ned ved sida av huset og går inn i kjellaren.

Har kome rett: Lett attkjennbare Kamilla-sko.

Me opnar forsiktig døra, og lurar på om me har kome rett. Eit par gullglitrande sandalar ved sida av stumtenaren vitnar om at no er me i Kamilla sitt rike. Typiske Kamilla-sko. Dét veit alle som ein gong har vore innom nokon av kontiane hennar på sosiale medium eller har besøkt henne i butikken på Telesenteret. Me ser oss om i entreen. På den smakfulle sofaen under den prangande spegelen. Me kikkar opp på ljosekrona i taket. Ut i foajeen kjem ei sprudlande, kvitrande ferdigbehandla Randi Nordskog. Kunden fortel at ho har klipt og stripa håret, og teke hårkur. 

– Det er veldig hyggeleg å vera hjå Kamilla, eg har til og med fått kaffi, ler den nyrestaurerte, som legg til at ho tidlegare også har hatt andre behandlingar hjå Villa Mo beauty, som salongen heiter.

Tilbyr hudpleie 

Då snakkar me om hudpleie; noko Kamilla har tileigna seg kompetanse på gjennom ei rekkje kurs. I lengre tid var ho ein gong i veka på «utplassering» hjå ein hudpleiar i Tønsberg og deltok på ulike kurs saman med henne. 

– Dette var gull verdt, seier hudpleiaren, som er nøyen med å understreke at ho ikkje er hudterapeut – noko som tyder at ho ikkje set injeksjonar. 

Kamilla starta for fullt med frisør- og hudpleiesalong heime i kjellaren på Villa Mo i Seljord i vår.

Starta frisørsalong som 19-åring

Nå byrjar det å bli tretti år sidan Kamilla starta frisørsalong for fyrste gong. Då var ho 19 år gamal og ferdigutdanna frisør frå den vidaregåande skulen i Lunde. Ho etablerte seg i lokala som godt vaksne folk frå Seljord og omegn omtalar som Lykka-kafeen – altså tvers over vegen for Telebygget på Bøløs. Ho tok fagbrevet som frisør, og dreiv salongen der i ni år.

Deretter flytta ho og ektefellen Lasse Lauvstad til Sandefjord, der Kamilla gjennomførte ei to-årig utdanning som dekoratør, før dei flytta heima att til Seljord. Då fylgde eit par år med jobb i gullsmedbutikken.
– Så blei det ungar, legg Kamilla til i gjennomgangen av noko av karriere og livsløp.
No er dei to døtrene 18 og 15 år gamle. 

Handlande i Seljord har gjennom åra møtt Kamilla Hauger Lauvstad bak disk i fleire butikkar, mellom anna arbeidde ho eit par års tid på klesbutikken Izi, før ho fekk tilbod om å jobbe i frisørsalongen Studio H, som heldt til der Lindstøl-bui ein gong var. Etter eit par år der starta ho, saman med Siv Anita Haugen, i 2011 klesbutikken Frøken Fin på Telesenteret, som dei dreiv fram til dei selde han i vår.

No er ho altså tilbake som frisør, og er veldig nøgd med det. 

– Eg trivst veldig godt med valet mitt. Hud og hår er nok mi greie, smiler ho.

Ein haustdag på Villa Mo i det skodda over Seljord lettar. Ein kunde er akkurat ferdig, ein annan har gått ned trappa og inn i kjellarlokalet.
Powered by Labrador CMS