Thea Haugan, Eline Brårmo Thunberg, Signe Heide Fjågesund og Veslemøy Edvartsen tok ein prat med VTB før jol.

Jesus, nissen og enorme mengder med snø

Signe har sett jolenissen. Eline meiner han har det frykteleg travelt på jolaftan – og natta før. Veslemøy trur det kan kome 100 meter snø til jol, for det har ho opplevd før. Thea er usikker på kor Veslemøy eigentleg bur. 

Publisert

– Me feirar jol fordi Jesus har bursdag, seier Thea Haugan (7).

– Han blei fødd i ei krybbe, seier Eline Brårmo Thunberg (7).

– I Betlehem, legg Signe Heide Fjågesund (6) til.

Ein skulle nesten tru dei hadde førebudd seg på spørsmål frå VTB om jolefeiring, borna på Flatdal SFO, for dei har mange, gode svar. Noko er likevel uklart, som til dømes kor i all verda Jesusbarnet blei fødd.

– Ein plass i Noreg?, lurar dei på.

Me gjev dei nokre alternative land å velje i, og dei landar samstemt på; Iran. Han blei i alle fall ikkje fødd i Frankrike.

Flatdal SFO held til i desse lokala.

– Eg såg han faktisk i fjor

I bakkane, like under Bindingsnuten, ligg nye Flatdal oppvekstsenter. Ute på skuleplassen skin det frå eit joletre, og inne på SFO er det pynta med jolelenker og ljos. Veslemøy Edvartsen (6) og Eline har nyleg vore i kyrkja på skulegudsteneste.

– Me tente ljos og song masse. Me song Jesus-songen, fortel Veslemøy.

Kva for song er det?

– Nå tenner vi det første lys, svarar ho kjapt.

Thea er klar på at det beste med jola er gåvene. 

– Eg likar å prøve å sjå etter jolenissen, eg, seier Signe.

Kor kjem han frå?

– NORDPOLEN! (Det er då openbert. red.merk.) Eg kikar etter han i vindauget eller i døra. Eg såg han faktisk i fjor, då kom han inn i gangen, smiler ho.

Så kjem ho på at ho såg han året før også. Eline fortel at ho trur jolenissen er alle plassar på jolaftan. Signe synest det høyrest for travelt ut.

– Han rekk ikkje alle. Nokon vaksne får ikkje gåver fordi jolenissen ikkje rekk det. Eg har høyrd om ein vaksen i barnehagen som ikkje fekk gåve fordi jolenissen ikkje var innom.

Dei andre synest det var trist å høyre om. Eline trur nissen tek natta før jolaftan til hjelp. Veslemøy er ganske sikker på at han ikkje rekk heile verda, men at det går greitt, for alle feirar jo ikkje jol. 

Eline Brårmo Thunberg, 7 år
Signe Heide Fjågesund, 6 år
Veslemøy Edvartsen, 6 år
Thea Haugan, 7 år

– Trur det kjem masse snø

Heime hos Signe set dei ut graut til nissen i fjøset. 

– Ein gong hadde nissen lagt att ei hengekøye, fortel ho. 

Eit «oi» høyrest gjennom rommet.

Jentene fortel at dei har hatt rampenissar og husnissar i hus før jol. Når det gjeld snø, trur dei at det skal ordne seg.

– Eg trur det kjem masse snø, kanskje meir enn 100 meter, seier Veslemøy.

Latter og fjas spreier seg blant jentene, og Veslemøy kan fortelje;

– Det har vore 100 meter snø heime hos meg faktisk. Då gjekk me rett ut i snøen frå huset.

Ho ler godt, og Thea lurer på om dette verkeleg kan stemme.

– Kor bur du eigentleg, Veslemøy?

– I Flatdal, svarar Veslemøy.

Fred og ro

God jol, frå SFO-barna i Flatdal!

Signe et ribbe til jol. Thea er litt usikker, men veit at det i alle fall er risgraut med mandel. Eline fortel at dei har pølser i maten, og Veslemøy seier dei et graut. 

Me spør om dei kan nokre jolesongar, og Veslemøy er klar med ein gong;

– På julen sit nissen med sin store graut.

Så ler ho, og dei andre, for det blei jo ikkje rett. Dei rettar verselina saman, og tek nokre strofer av Musevisa òg. Så kjem SFO-leiar Sigbrit G. Valhovd og fortel at nokre av borna er henta. 

– Det er til saman 26 born på SFO i Flatdal nå. Då eg byrja her rundt 2015 var det 13 born, så det har auka veldig, fortel ho.

Ho seier at den nye skulen er eit bra trekkplaster.

Sigbrit G. Valhovd er SFO-leiar ved Flatdal oppvekstsenter.

– Det er mange småbarnsfamiliar, og folk som er på veg til å etablere seg, som flyttar til Flatdal. Det er fleire herifrå som er borte nokre år, og så kjem dei tilbake. Dei saknar fred og ro. 

Ute i gangen tar ein førsteklassing på seg sko og jakke mens ho syng;

Heisann og hoppsann og fallerallera, om julekvelden da skal alle sammen vere glad.

Powered by Labrador CMS