Ingvild aktuell med ny plate
Musikar Ingvild Homme har vakse opp i Skien, men har djupe røter i Treungen.
– Eg elskar, rett og slett, Treungen! Eg har vakse opp med å vere mykje på besøk hos besteforeldre og familie der, og har eit veldig nært forhold til plassen, fortel Ingvild til VTB.
– For meg har Treungen alltid vore ein varm, trygg og god stad – som alltid står der, ei trygg hamn, det er det framleis. Som vaksen har eg også budd der eitt år, og blei då kjent med fleire fine folk i bygda.
Visepopartisten kjem 6. mars med sitt fjerde visealbum Lande her. Ingvild skildrar albumet slik:
– Lande her er eit ønske, eit mål, ei avgjerd. Eit ønske om ikkje å vente på det som finst rund neste sving, men lande i augeblinken, med livet som i sin natur er både godt og vondt, uklart og tydeleg, upolert, med motsetnadar og breidde. Eit mål om å finne, og velje, ein plass, og menneske å lande saman med. Ein avgjerd om å velje augeblinken, vere til stades i livets prosessar og utvikling, det er kanskje det som er å kome fram? Livet er nå!
Byrja med klimpring på mamma sin gitar
Som liten ville Ingvild bli biletkunstnar eller forfattar, men så byrja ho å klimpre på gitaren til mora.
– Det blei ein viktig stad for meg å kunne leite meg fram til musikk og ord, det var noko som sat godt for meg – ein stad eg kunne uttrykke meg som den eg var, finne ei stemme som var ærleg og direkte, fortel Ingvild.
Ho har studert musikk på folkehøgskule og på Musikkonservatoriet i Agder, og ho har også gått på forfattarstudiet i Bø. I 2018 debuterte ho med albumet Stemme lengter, og nå er ho altså klar med sitt fjerde album. 23. april står Ingvild saman med Symre frå Morgedal på scena i Ibsenhuset.