Som sjåfør er du ansvarleg for at bilen din har godt nok veggrep, heile året.

Ingen grunn til å vente med å skifte til vinterdekk

Me veit at vinteren er på veg, og dermed er det også tid for å skifte bildekk. Ikkje vent til det første snøfallet, lyder oppmodinga frå Statens vegvesen.

Publisert

– Ver ekstra merksam no på hausten. Sjølv om det er plussgrader i lufta, kan det vere minusgrader på bakken. Er det fuktig i lufta, så frys vatnet på vegen og det kan bli veldig glatt. Dette kan også gjelde i skuggeparti på ein elles fin dag. Og hugs at forholda kan endre seg raskt, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

I Sør-Noreg er det lovleg å køyre med piggdekk frå 1. november, medan det i dei tre nordlegaste fylka er lov frå 16. oktober. Dei som køyrer piggfritt blir oppmoda om å skifte alt no også i Sør-Noreg.

– Er det krevjande og dårleg føre der du skal køyre, er det lov å bruke piggdekk og kjetting utanom desse datoane. Vêr og føre trumfar datoen, seier Roy Harald Holm i Statens vegvesen. Han legg til at det er viktig at dekka er i god stand og tilpassa bilen og føret uavhengig av årssida.

Han minner om at det å køyre i overgangen mellom haust og vinter alltid vil vere meir krevjande enn sommarkøyring.

I vinterperioden skal mønsterdjupna vere minimum tre millimeter same kva dekktype ein har. Det er same krav til mønsterdjupn på dekka til tilhengjaren.

Viktige råd

* Bruk alltid ei godkjend verksemd til å montere nye dekk.

* Få dekkskifte, bilvask, bilpleie og dekkhotell gjort av kvalifiserte fagfolk og av godkjende verksemder.

* Sjekk om verksemda har organisasjonsnummer og er i MVA-registeret. Om eit tilbod er for godt til å vere sant, er det som oftast det.

* Urimeleg låg pris går som regel ut over nokon eller noko.

* Betal alltid med kort og be om kvittering. Som kunde står du sterkare når du betalar gjennom bank.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS