Kamp om dei beste vêrane – éin sette ny rekord
Om lag 50 vêrar vart auksjonert bort i Husdyrhallen på Dyrskuplassen laurdag, i den årlege vêrauksjonen i regi av Telemark Sau og Geit.
Leiar i Telemark Sau og Geit, Jon Aslak Austjore, fortel at det er 56 vêrar på utstillinga i Seljord i år.
– Målet er å få spreidd gode avlsdyr til sauebønder i heile Telemark, seier han.
Dei beste vêrlamma går vidare til semin, slik at sauebøndene kan bestille sæddosar og bruke genmaterialet i avlen.
Austjore fortel at arrangementet har vore halde i Seljord i 30-40 år.
– Det er ein happening, smiler han.
På auksjonen er minsteprisen sett til 6 500 kroner for kvar vêr. Tilbake i 2024 vart det sett rekord, då ein vêr vart kjøpt for 22 000 kroner.
Inntektene frå auksjonen går mellom anna til å finansiere drifta av dei ulike vêrringane.
Fleire faktorar spelar inn
Før auksjonen byrja var det døming og premiering av vêrane.
Dommarane Ken Lunn og Terje Bakken meiner kvaliteten på vêrane er gjennomgåande god. Dei legg særleg vekt på eksteriør, sterke og gode bein og eigenskapar som gjer vêren godt eigna til avl.
– Han skal ha bra eksteriør, sterke og gode bein og høg indeks. Han må vere sterk og kunne fungere i ein avlsbesetning, forklarar dommarane.
Også kroppsforma har mykje å seie. Ei god kryssform (området ned mot rova) kan mellom anna gjere lamminga lettare for søyene.
Når det gjeld prisen på auksjonen, er det fleire faktorar som spelar inn. Både kvaliteten på dyret, avlsverdien og interessa blant kjøparane påverkar kor høgt bodrunden går.
Dommarane understrekar at alle vêrane som kjem til utstillinga, har vore gjennom ei avlsgodkjenning tidlegare. Oppgåva deira er å vurdere korleis dyra har utvikla seg, og skilje dei beste frå kvarandre.
Spent og nervøs
Håkon Marius Kvæken var auksjonarius. Han kjem frå Løten, og driv sjølv med storfe. Han har vakse opp med sau, og har derfor eit godt forhold til sauemiljøet, sjølv om han til vanleg reiser mest rundt på auksjonar i storfemiljøet.
Før auksjonen hadde han sett nærare på vêrlamma og var imponert over kvaliteten.
– Eg er sjokkert over kvaliteten. Dei har blitt veldig kjøtfylte og fine, seier han.
Kvæken håpar det blir kamp om dei beste dyra, men innrømmer at han er både spent og nervøs før han skal i gang. Som auksjonarius handlar mykje om å finne rett tempo, slik at kjøparane får tid til å følgje med og leggje inn bod.
– Du må finne eit punkt der du merkar at folk er med og får tenkt seg om. Viss det går for fort, kan du miste bod, seier han.
– Kva trur du prisnivået kan ligge på?
– Er det fleire enn éin som skal ha, så er det spennande med auksjon. Me får håpe på eit tosifra tal i snitt, smiler han.
Sjølv meiner han det er viktig å vere litt nervøs før ein auksjon.
– Viss du trur at ting er greitt, då går det dårleg. Du skal vere usikker og nervøs, elles går det ikkje. Slik er det med alt, seier han.
– Kan hende ein blir riven med
Familien Olsen frå Klovholt i Skien var på jakt etter ein ny vêr av rasen norsk kvit sau. Dei har rundt 30 vinterfôra sauer og handla ein vêr på auksjonen i fjor, men då utan å ha sett dyret på førehand. I år ville dei møte opp sjølve for å sjå nærare på kandidatane.
– Me har prøvd mange år, men har ikkje heilt fått det til. Så det var veldig bra å kome hit og sjå sjølve, seier Marius Olsen.
Familien hadde gått ein runde blant dyra og skrive ned fleire aktuelle kandidatar. Dei såg mellom anna på O-indeksen, kjøtfylde og moreigenskapar, i tillegg til det estetiske, men hadde eitt spesielt ynskje for årets innkjøp.
– Me vil ikkje ha ein for stor vêr i år. Det hadde me sist, så no prøvar me å finne ein som er litt mindre, seier dei.
Dei hadde også laga ei prioritert liste over aktuelle vêrar, men var spente på korleis bodrunden ville gå.
– Me har tilgang på nokon kåra vêrlam også, så det er ikkje eit must å handle her i dag, men det blir spennande å sjå. Det kan hende ein blir litt riven med også, smiler dei.
Ny rekord
Auksjonen gjekk i gang, og det i eit forrykande tempo til tider. Mange heiv seg med i bodrundane, og dei fleste dyra fekk nye eigarar denne dagen. Dei fleste gjekk godt over minsteprisen.
Ein ekstra god dag vart det for Midt-Telemark vêrring. Det var ein av vêrane deira som gjekk for 25 000 kroner – noko som er ny prisrekord på auksjonen i Seljord.
– Det gjekk veldig bra. Det er veldig moro å ta rekordane, men også moro at det blei så bra prisar på alt saman, seier Håvard Jønnardalen, leiar i vêrringen.
Han fortel at det er ein liten intern konkurranse mellom dei to vêrringane som har norsk kvit sau i Telemark, og at det derfor var ekstra stas å få den høgaste prisen denne gongen.
Dei var godt nøgde med auksjonen, og kunne dermed sikre gode inntekter til vidare drift av vêrringen.
– Me fekk inn godt med pengar til å drifte ringen, smiler han.
Jønnardalen understrekar at også det sosiale er ein viktig del av arrangementet.
– Det er jolaftan for oss som driv med småfe. Å vere bonde er eit einsamt yrke, så det er veldig sosialt å treffe andre og få til noko saman, seier han.