Norsk Folkehjelp Follo er i innsats med luftkoordinator og to dronepilotar i søket etter ei kvinne i 40-åra i Vrådal.

Har funne den sakna kvinna. – I god fysisk form

Politiet meldte torsdag ettermiddag at dei leitar etter ei tysk kvinne i 40-åra som er sakna i området rundt Follegdalhola i Vrådal. Fredag ettermiddag melder politiet at kvinna er funnen. 

Publisert Sist oppdatert

 

Oppdatert 18.15: Kvinna er funnen i god fysisk form. Ho blei funnen av publikum, og vil etter kvart bli tatt hand om av helsepersonell og køyrd tilbake til pårørande, melder politiet som takkar alle som har bidratt i aksjonen. 

Kvinna i 40-åra har vore sakna sidan ho forlet hytta i Vrådal som ho hadde opphalde seg på, ved 8-tida torsdagsmorgonen. Pårørande varsla politiet då ho ikkje kom tilbake etter å ha lufta hunden. Klokka 13 torsdag melde politiet at dei hadde sett i gang leiteaksjon. 

Mange har deltatt i søket både i går og i dag – blant desse fleire frivillige. Og like etter klokka 18 – 34 timar sidan kvinna forlet hytta – melder politiet at ho er funnen i live – og i god form. 

Til TA opplyser operasjonsleiar Roger Aaser at kvinna ikkje fann tilbake til hytta i tåka i går, og skal ha tatt seg inn på ei hytte der ho overnatta. I dag kom ho seg til vegen og trefte på ein bilist. Kvinna hadde ikkje med seg hunden då ho blei funnen. 

73 uorganiserte frivillige

Oppdatert 15.10: Politiet vil klokka 16.00 igjen ta imot publikum som ynskjer å vera med i søk ved Vrådal Panorama. Oppmøte er ved parkeringsplassen. Her blir det gjeve informasjon om korleis folk kan bidra i søk på best mogleg måte. 

Oppdatert 13.25: Det er 73 uorganiserte frivillige som har meldt seg. Desse har blitt informert/instruert om korleis dei best mogleg kan bistå med søk av politiet og er ute å bistår med søk etter sakna. Søket med organiserte frivillige mannskap frå FORF pågår framleis for fullt. Det blir framleis søkt med eit politihelikopter. Dette er i ferd med å bli avløyst av eit redningshelikopter, melder politiet.

Oppdatert 11.37: Politiet vil ta imot publikum som ønsker å delta i søk ved Vrådal Panorama – på parkeringsplassen i botnet av skisenteret langfredag 12.30. Der vil det bli gjeven informasjon om korleis publikum kan bidra i søk på ein best mogleg måte. 

Status fredag klokka 10: Eit politihelikopter har kome til området og er sett inn i søk. Det blir søkt med frivillige organiserte mannskaper fra FORF og politimannskap. Politiet har mottatt pågang frå uorganiserte frivillige som ønsker å bidra inn i søk. Politiet jobbar med å legge ein plan for bruk av desse og vil kome tilbake til oppmøtestad og ytterlegare info om dette.

Det skal vera glatt og stadvis bratt i søkeområdet. Dette gjer at søksplanlegging tar nok tid, opplyser politiet klokka 10.24. 

Status fredag kl 08:00 - sakna er ikkje til rette. Det blir søkt i området med dronar og mannskap frå FORF. Eit politihelikopter er på veg til området for å søke ut over føremiddagen. Det blir jobba med ytterlegare planlegging for dagens søk. Det er god sikt i søksområdet.

Oppdatert 02.30: Politihelikopter og Redningshelikopter har avslutta søket. Aktivt søk frå politiet og FORF blir avslutta snart, det blir jobba nå med å planlegge for vidare når det blir lyst.

Kvinna gjekk ut for å lufte ein liten brun hund tidleg torsdag kring klokka 08.00, men har ikkje kome tilbake til hytta. Ho vart meldt sakna av pårørande.

Den sakna er truleg iført ei lys gul regnjakke, svart joggebukse og mørkegrøne tursko. Ho har skulderlangt, blondt hår.

Politiet ber om at personar som kan ha sett kvinna, tek kontakt på telefon 02800.

Oppdateringar torsdag

Klokka 14:03 melder politiet at det er sett i verk leiteaksjon etter den sakna kvinna, og frivillige leitemannskap frå Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum (FORF) er i ferd med å bli kalla ut.

Det er lett regn og noko tåke i søkeområdet. Temperaturen er 7,5 varmegrader.

Oppdatering klokka 18:07: Politiet og frivillige søkjer med bruk av dronar, hundeekvipasjar og fotmannskap. Eit redningshelikopter er på veg til staden.

Hjelpemannskap frå Norsk Folkehjelp og Røde Kors er ute for å leite.
Det har blitt mørkt i Vrådal. Det gjer søket meir utfordrande.
Fleire hundar frå Norske Redningshunder var torsdag ettermiddag og kveld ute for å leite etter den sakna kvinna.
Norske Redningshunder bidreg i søket.

Både Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder er ute for å leite etter kvinna. 

Det er 3 grader, tåke og regn i området torsdag kveld.

Ei av dei frivillige frå Norsk Folkehjelp seier til VTB at det er veldig glatt på fjellet, som gjer søket utfordrande. 

Oppdatering klokka 20:38: Politihelikopteret er sett i søk på staden.

Tuva og Karina frå Norsk Folkehjelp vart kontakta klokka 14 i dag og har kome frå Arendal og opp til Vrådal for å leite etter den sakna kvinna. Også frivillige frå Norsk Folkehjelp i Åmli og Kragerø bidreg i søket.

– Me kjem til å halde fram utover i kveld og natt for å lokalisere kvinna, seier innsatsleiar Terje Lunden til VTB kl 21.36.

Han fortel at dei har leita gjennom heile ettermiddagen og kvelden etter den sakna kvinna, med bakkemannskap og frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. Dei har også hatt ute redningshelikopter og politihelikopter, og fleire droneressursar. 

– Og dei er ute ennå. 

 Innsatsleiaren fortel at det har vore utfordrande søkeforhold med regn i området. Og at det er glatt mange stader.

– Og nå har det jo blitt mørkt. Og det gjer det jo meir utfordrande for leitemannskapa. Men me kjem til å halde fram utover kvelden og natta, seier han. 

 Fleire sivile har også vore ute for å leite etter kvinna. VTB har snakka med fleire som har hytte i området, som gjerne vil bidra.

– Nå i kveld og natt som det er mørkt så ynskjer me ikkje å ha sivile ute i terrenget her, seier Lunden.

– Det vil bli leita gjennom kveld og natt av profesjonelle redningsaktørar. Utover dagen i morgon vil me ta nye vurderingar på om me kan dra nytte av silvile, seier han. 

Denne gjengen frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp hadde vore ein runde ute for å leite i ettermiddag, og gjorde seg klare til ein ny runde torsdag kveld.
– Me kjem til å halde fram med å leite etter kvinna utover kvelden og natta, seier innsatsleiar Terje Lunden.
Powered by Labrador CMS