Gunhild Lofthus (t.v.) frå Kvålsgrend og Henny Haddad frå Skafså synest det er vanskeleg med både PC og smarttelefon.

Gunhild og Henny treng hjelp til det digitale. Nå kan dei få den hjelpa av kommunen 

På nyåret opna Tokke kommune nærtenestesenteret. Éi av oppgåvene til senteret er å hjelpe innbyggarane med digitale tenester. 

Publisert

 – Eg kan ingenting om dette så eg synest det er interessant. Eg har ikkje PC ein gong, fortel Gunhild Lofthus. 

Ho bur i Kvålsgrend og har tatt turen til Dalen for å delta i Tokke kommune sitt aller fyrste torsdagstreff. Saman med Henny Haddad frå Skafså og fleire andre, fekk dei tidlegare i januar høyre om kva Tokke kommune sitt nyopna nærtenestesenter kan hjelpe dei med. Nemleg digitale tenester, og det har både Gunhild og Henny behov for. 

– Eg kan ingenting. Mannen min ordnar alt, smiler Henny. 

– Dottera mi fiksar det for meg. Men eg føler meg så hjelpelaus, seier Gunhild. 

Ho fortel at ho ikkje kan køyre bil til byen ein gong, for parkeringa må betalast via ein app. Og appar har ikkje Gunhild på tastetelefonen sin. 

– Derfor tek eg bussen til byen, eg. Då slepp ein å tenke på det, seier Henny. 

Dei to damene tek det med godt humør, og synest det er interessant å høyre om det nye nærtenestesenteret og kva dei kan få hjelp til der. Kjem dei til å bruke det? 

– Eg kjem til å bruke det. Eg må det, svarar Gunhild. 

Vil hindre digital utanforskap

Eit nærtenestesenter skal hjelpe innbyggarane som treng det med ulike offentlege digitale tenester. Fleire og fleire av tenestene som innbyggarane må nytte seg av er digitale – lettvint for mange, men utfordrande og vanskeleg for andre. Nærtenestesenter i kommunen er eit prøveprosjekt, og Tokke kommune er ein av landets pilotkommunar. 

I Tokke jobbar dei også for å få kunne tilby teoriprøva til førarkortet, men det er førebels ikkje avklart om dette blir eit tilbod. 

Tone N. Løk (f.v.), Olav Bjørn Bakken og Camilla Lagergren Knudsen er trioen som har jobba med å etablere nærtenestesenteret. Lagergren Knudsen har hatt ei prosjektstilling som blir avslutta i midten av februar.

Det er Tone N. Løk, Olav Bjørn Bakken og Camilla Lagergren Knudsen frå kommunen som har arbeidd med å etablere nærtenestesenteret. 

– Dette er eit tilbod for dei som ikkje klarer å bruke digitale tenester sjølve. Det er for å hindre at folk skal føle at dei er ikkje blir sett utanfor samfunnet, fortel Bakken. 

Døme på tenester dei kan hjelpe innbyggarane med er statlege tenester som skatteetaten eller å gjere avtale om Norgespris. Pilotprosjektet varar ut 2026. 

– Den primære målgruppa er folk som ikkje har pc eller smarttelefon, og ikkje digital kompetanse, opplyser Bakken. 

Dei som ønsker ei avtale kan ringe kommunen for å avtale ei tid, og sjølve nærtenestesenteret har ope onsdagar. 

Mange strevar

Den offisielle opninga av nærtenestesenteret tidlegare i januar, var også det fyrste torsdagstreffet i Tokke kommune. Torsdagstreffet er eit nytt arrangement som kommunen skal arrangere fleire torsdagar gjennom året.  

– Dette blir ein møteplass og ein plass de kan få informasjon, og stille spørsmål. Det blir om lag eitt til to treff i månaden, og er i hovudsak for dei eldre, fortel Løk. 

På årets fyrste torsdagstreff orienterte kommunedirektør Åge Verpe mellom anna om den økonomiske situasjonen og årets budsjett, og kommunalsjef for helse og omsorg Marit Haukom Bråstøyl fortalde litt om kva etaten hennar arbeider med. 

Det er store variasjonar hos dei eldre – nokon fiksar det digitale lett, andre synest det er vanskeleg. Frauke Wiens bur på Dalen, og ho synest det går greitt å ordne ting på PC og telefon. 

– Eg gjer det sjølv, rekningar og andre ting. Eg har smarttelefon, og har eg problem så spør eg nokon, fortel ho. 

Mette Stange (f.v.), Frauke Wiens og Jacques Booji kom for å lære meir om nærtenestesenteret som nyleg har opna i kommunen.

Mette Stange bur også på Dalen. Ho fyller snart 92, og synest det er greitt å få hjelp. 

– Eg har ei dotter og ein son som hjelper meg, smiler ho. 

Jacques Booji driv seniornett der han hjelper og lærer andre eldre med data. Han har kanskje ikkje behov for nærtenestesenteret? 

– Kven veit? Ein kan aldri vite, smiler Jacques. 

Tahar Haddad er leiar av eldrerådet og pensjonistlaget, og kjenner derfor mange av dei eldre i kommunen og kva utfordringar dei kan ha. 

Tahar Haddad er leiar av både eldrerådet og pensjonistlaget. Sjølv har han ikkje problem med å bruke digitale tenester, men han fortel at mange eldre strevar med å nytte seg av digitale tenester.

– Mange eldre strevar med digitale tenester. Dette er veldig viktig, og det er eit stort behov for eit nærtenestesenter, meiner han.

Powered by Labrador CMS