Laurdagens yngste kunde i «Siloen» heitte Ingebjørg, og ho og mamma handla egg.

Gjengen på Siloen har sett ny salsrekord. Spesielt éin ting har tatt av det siste året

Landhandelen i Seljord blir stadig meir populær.

Publisert

– Me lurar eigentleg på kva me har selt. Dei tek alt me har.

Bjørg D. Heggtveit ler godt. Eigaren av landhandelen Siloen i Seljord fortel om den beste sals-sommaren for butikken så langt. 

– Me har selt for over 100 000 kroner meir enn i fjor sommar.

Butikken ved E134 er blitt ein populær stoppestad.

Gjengen er viktig

Butikken ved E134, som starta heime på garden Heggtveit i Åsgrend i 2013, har no halde til i Nordbygdi i åtte år. Plasseringa langs vegen er heilt klart ein suksessfaktor, men Bjørg er tydeleg på at gjengen som jobbar der er svært viktig for både ho og kundar.

– All ære til dei som jobbar her. Og til kundane våre som kjem att, både lokale og dei som er på gjennomreise, seier Bjørg.

Ho fortel at særleg kanelbollesalget har tatt av det siste året.

– Og kvar fredag bakar Ida (Heggtveit) surdeigsbrød. Det er blitt veldig populært, og me har mange faste kundar på døra då. Ho har hatt ferie i sommar, men no er ho tilbake att.

Full fart i Siloen ein heilt vanleg laurdag.

Eit kjempeår

I sommar har det vore mykje fint vêr, og då kunne det ha blitt stille i Siloen.

– Ein veit jo aldri om det blir stille eller full fart då. Men så blei det altså salsrekord. Det er heilt utruleg! 

I Siloen finn ein alt frå fine bruksting til god mat og drikke. 

– Det går masse av alt mogleg, seier Bjørg.

Dei sette salsrekord for heile året i fjor, og det ser ut til å bli ny rekord i år.

– Det har vore eit kjempeår, så no har me til salt i såret...... nei, nei, ha, ha, eg meinte salt i grauten.

Bjørg var ikkje tilgjengeleg for bilete i helga, men kollega og svigerinne Tordis Stenrud stilte opp i hennar fråvær. 

Tordis Stenrud ekspederer.

Ingrid Skårnes, mor til laurdagens yngste kunde, Ingebjørg (2), fortalte at dei synest det er veldig all right å handle på «Siloen.»

– Me likar å støtte lokalt!

Powered by Labrador CMS