Frå rustvrak til smykke
– Den er eit smykke. Skal eg kalle den gullsmedbilen? Berre sjå på den. Det er heilt rått, seier Hans Christian «HC Racingteam» Vestli.
Vestli er mannen som har fått tak i brorparten av utstillarane på årets bilfinale ved Straand hotell i Vrådal, og det er ingen tvil om kva for bil han synest er den vakraste. Det er den raude, skinnande blanke Chevroleten frå 1957 som kjem rullande mot oss no.
Ut av bilen stig mannen som har sett denne bilen i stand.
– Då eg kjøpte den i 2019 låg den i pappøskjer, forklarar Arne Svendsen. I koronaåret 2020 kom han for alvor i gang med prosjektet, der eitt av stega var å syrekoke heile karosseriet.
– Då fekk ein verkeleg sjå kor mykje rust det var.
Hausten 2024 var bilen nesten klar.
– Fire år tok det, og på dei fire åra krangla eg aldri med kona, for eg var nesten aldri heime, gliser Svendsen.
Valets kvalar
No har han hatt med seg bilen på 12 utstillingar, og den har hausta 14 premiar. Men berre eit par veker før Straand bilfinale fekk han ein tilbod frå ein kjøpar.
– Då låg eg vaken i tre netter og tenkte «Arne, skal eg? Skal eg ikkje?» Når du har lagt så mykje arbeid ned i ein ting, så er det litt vondt å selje.
Svendsen landa på å selje, men kva han fekk for Chevroleten, seier han at han ikkje heilt hugsar.
– Uansett er ikkje pengar det som står høgast når du skal bygge ein bil. Men å få litt kred er hyggeleg, seier Svendsen – og det har han verkeleg fått også.
– Fyrsteplass i Finland, fyrsteplass i Sverige, fyrsteplass i Noreg, listar han opp.
Ikkje eit støvfnugg
På årets bilfinale i Vrådal fekk han også ein fyrsteplass, for beste motorrom. No lyfter han gullpokalen opp frå panseret og vippar panseret opp for å vise grunnen til sigeren. Og det er jammen ikkje godt å seie kva som er blankast – pokalen eller motorrommet.
– Det er nok motorrommet. Dommarane fann ikkje så mykje som eit støvkorn her inne, ler HC.
Svendsen har elles kome seg over sorga ved å selje Chevroleten no, og ser framover.
– Eg likar utfordringar, så no har eg fått eit nytt prosjekt inn i garasjen som eg håpar HC kjem til å finne så interessant at eg får lov til å koma hit til bilfinalen att om eit år.
– Han er velkomen igjen, garantert, svarar HC.
– Eg veit kva han kjem med.
Meir frå Straand bilfinale:
-
-
VTB testar superbilen
-
Aasmund sit på – Broom-Mats fortel