Gul sportsbil står framfor publikum på eit utandørs bilarrangement.
Aasmund Skori Straume (10) i Koeningsegg Jesko.

Aasmund (10) fekk sitte på i superbilen

– Eg skjelv i beina, seier Aasmund Skori Straume. Han har akkurat vore med på ein tur i ein av verdas raskaste bilar – Koeningsegg Jesko.

Publisert Sist oppdatert

Superbilen kan akselerere frå 0 til 100 på kring to sekund, og det fekk Aasmund kjenne på. 

– Eg blei trykt bak mot setet slik, fortel han, og dyttar ganske kraftig borti veslebror Vemund.

Veslebror fekk også sitje i bilen, men var ikkje heilt klar for ein køyretur. No som han høyrer storebror fortelje om opplevinga angrar han bittelitt på det.

Grunnen til at denne bilen susar bortover riksvegen i Vrådal denne sundagen er at det heile helga har vore Straand bilfinale, som BilNorge skildrar som eit «Oslo Motorshow på tur». Her er det absolutt alle typar bilar, men mest merksemd er det rundt Koeningsegg Jesko, som etter rykta kosta 40 millionar kroner.

Mann står ved ein gul sportsbil med open dør på eit utandørs biltreff.
Hotelleigar og bilfinalearrangør Lars Arne Straand var den fyrste som tok ein tur i Köningsegg Jeskoen. Han vart så lenge borte at publikum begynte å spekulere i om han hadde bytta bort hotellet mot bilen.

– Rørande og eksotisk

Mats Brustad frå TV2-programmet Broom er på plass i Vrådal i høve biltreffet, og sidan bladfyken er langt under middels bilkompetent gjev han oss ein kjapp gjennomgang av kva for bil det eigentleg er snakk om.

– Me skriv noregshistorie i Vrådal, fordi det er fyrste gong me får Koeningsegg Jesko  til norsk jord. Det er enkelt og greitt ein av verdas raskaste bilar, og han blir bygd i Sverige, fortel Broom-Mats. Han har møtt grunnleggaren av firmaet som har laga superbilen, Christian von Koeningsegg.

Mats Brustad frå bilprogrammet Broom fortel engasjert om superbilen; her saman med Katrine Straand.

– Det er ein ekstrem lidenskap og passion i alt dei gjer, så for ein ekte bilentusiast er det rørande og veldig eksotisk å sjå ein slik bil som eigentleg heller høyrer meir heime i Dubai enn her i Vrådal. Ein må klype seg ganske hardt i armen, seier Mats, som også gjev oss nokre korte fakta om motoren:

– Det er ein V8 på 1.600 hestekrefter, 0 til 100 på rundt 2 sekund og ein teoretisk toppfart på over 500 km/t.

At denne bilen er å finne på Straand bilfinale i Vrådal,  kan han nesten ikkje tru.

– Det er verkeleg sprøtt og det er eit scoop at dei har fått tak i denne bilen. Det var ikkje snakk om anna enn å ta turen frå Oslo og nyte Koeningsegg og alle dei andre bilane her også. Det er heilt fantastisk.

Mann med briller sit i førarsetet i ein bil.
Superbileigar Feime Ileso tok med seg fleire heldige på testtur i superbilen, inkludert VTBs bladfyk. På spørsmål om korleis han har råd til slik ein bil, er det enkle svaret frå svensken «hårt arbete».
Powered by Labrador CMS