Forvirring om garasjebrannen på Jordstøyl
Denne veka mottok Vilje Juvskås brev frå politiet i Sør-Aust om at ei sak frå juni 2025 var henlagt fordi politiet ikkje hadde tilstrekkelege opplysningar til å identifisere gjerningspersonen(e). – Eg trudde saka galdt garasjebrannen, men dette var om glasknusing ei veke før brannen, seier Juvskås.
Rett over midnatt 26. juni 2025 fekk naudetatane melding om ein brann i Dalsvegen i Vinje kommune. Dei kom raskt til staden, brannen spreidde seg ikkje, men garasjen brann ned. Dette skjedd heime hos Vilje Juvskås, som er arrangør av Pride rundt omkring i Vest-Telemark. VTB har tidlegare skrive om at Juvskås har vore utsett av både hærverk og sjikane i sin eigen heim i Vinje kommune. Politiet såg svært alvorleg både på brannen og dei andre hendingane.
– Dette er også skjerpande då det ser ut som det er motivert av hatkriminalitet, og brannen framstår som påsett, uttala politistasjonssjef Sigrid Dahl til VTB.
Brannen har blitt etterforska gjennom seinsommaren og hausten. Denne veka fekk Juvskås brev frå politiet om avgjerd i sak med tidfesta gjerningsdato 19. juni. Politiet spesifiserer ikkje noko om kva hendinga eller saka handlar om. I avgjerda til politiet datofesta 17. desember skriv politiet at henlegginga er gjort fordi dei ikkje har tilstrekkelege opplysningar til å identifisere gjerningspersonen(e).
Oppklara onsdag
Vilje gjekk ut frå at denne avgjerda, om å legge bort saka, galdt garasjebrannen natt til 26. juni også og delte denne informasjonen på Facebook-sida si tysdag.
I brevet blei ho gjort merksam på moglegheita til å klage på avgjerda til politiet.
– Eg tenker at politiet har gjort det dei kan i saka, og at dei har tatt ei grundig vurdering på kvifor dei valte å legge den bort, uttala ho til VTB onsdag før ho blei gjort merksam på at saka ikkje galdt garasjebrannen, men om steinkasting mot heimen hennar ei veke før garasjebrannen.
Politistasjonssjef Sigrid Dahl stadfestar misforståinga, og seier politiet kontakta Juvskås onsdag for å oppklare.
Juvskås fortalde til VTB onsdag ettermiddag at ho er gjort merksam på at det har vore ein miks med ei anna sak knytt glasknusing ei veke før garasjebrannen.
– Eg trudde avgjerda galdt brannen. Eg blei oppringt av politiet i dag og dei skal kome med ein konklusjon i utgangen av denne månaden, ifylgje Vilje.
Takka for støtte
Juvskås fann brevet om politiets avgjerd då ho kom heim tysdag, og la difor ut eit innlegg på Facebook. Her skreiv Vilje at sjølv om ho så inderleg skulle ønske at gjerningspersonen stod fram eller vart teken, måtte ho leva med at ho aldri får to strekar under svaret.
«Likevel er eg stolt. Stolt av at det framleis lyser på Jordstøyl ein kald vinterkveld. Det har vore tungt å stå i dette, både menneskeleg og praktisk, men eg har halde fram – fordi dette er heimen min. Eg vil rette ei oppriktig takk til politiet som har følgt meg opp på ein trygg og respektfull måte gjennom heile saka. Det har betydd mykje å bli møtt med alvor og omsorg. Eg vil òg takka alle som har stått med meg og familien min i denne hendinga – for støtte, varme ord, praktisk hjelp og for å ikkje sleppa taket når det har vore som tyngst. De har gjort det mogleg å stå vidare.»
Spent på kommunen
Vilje skreiv i innlegget at ho ventar på kva kommunen vil gjere. I fjor haust signaliserte politikarane at dei ville bygge ny garasje for Juvskås. 4. september utsette formannskapet saka til politiet hadde etterforska saka ferdig.
– For meg handlar dette ikkje berre om ein bygning, men om å få reise noko opp att etter ei hending som tok tryggleiken, kvardagsroa og kjensla av vern. Ei positiv avgjerd ville betydd meir enn ord kan forklare – som eit teikn på forståing, og på at det som har skjedd, blir teke på alvor, skriv Juvskås på Facebook.
Ser framover
Juvskås fortel at ho vel å sjå framover og halde fast i dei gode tinga. Ho er overbevist om at brannen var påsett, og tenker at den som gjorde dette denne juninatta neppe kan ha det godt med seg sjølv.
– Til deg som gjorde dette: Eg er ikkje sint eller forbanna. Eg er berre djupt undrande over kvifor du valde å gjere det. Om du ein gong køyrer forbi Jordstøyl og ser at eg er heime – stopp gjerne. Slå av ein prat over ein kopp kaffi. Ein heilt roleg samtale. Eg vil berre vita kvifor – og synest eg fortener i det minste det, avsluttar ho.