Garasjen brann ned, og ifølge brannvesenet var det berre flaks at den ikkje spredde seg til bustadhuset som ligg tett inntil.
Garasjen brann ned, og ifølge brannvesenet var det berre flaks at den ikkje spredde seg til bustadhuset som ligg tett inntil.

Politiet meiner garasjebrannen var påsett og at målet var at den skulle spreie seg til huset 

Garasjen til Pride-arrangør Vilje Juvskås brann ned natt til torsdag. Politiet etterforskar saka med utgangspunkt i at det er brannstifting som kan føre til tap av menneskeliv.

Publisert Sist oppdatert

Politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark Sigrid Dahl, fortel til VTB at politiet etterforskar saka med bakgrunn i straffelova paragraf 355, som omhandlar brannstifting som kan føre til tap av menneskeliv.

– Det er ein garasje som har brunne ned, men den er så tett inntil huset at det kan sjå ut som intensjonen var at brannen skulle spreie seg. Ifølge brannvesenet var det også berre flaks at den ikkje gjorde det, seier Dahl. 

Vilje Juvskås har arrangert Pride i fleire av kommunane i Vest-Telemark.

Rett over midnatt natt til torsdag fekk naudetatane melding om ein brann i Dalsvegen i Vinje kommune. Dei kom raskt til staden, brannen spreidde seg ikkje, men garasjen brann ned. 

Brannen var heime hos Vilje Juvskås, som er arrangør av Pride rundt omkring i Vest-Telemark. VTB har tidlegare skrive om at Juvskås også har vore utsett av både hærverk og sjikane heime i sin eigen heim i Vinje kommune. 

Politiet ser svært alvorleg både på brannen og dei andre hendingane. 

Politistasjonssjef Sigrid Dahl fortel at politiet er interessert i tips og informasjon frå publikum.

– Dette er også skjerpande då det ser ut som det er motivert av hatkriminalitet, og brannen framstår som påsett, opplyser Dahl. 

VTB har vore i kontakt med Juvskås etter brannen, som ikkje kan forstå at nokon kan tenke seg å gjere noko slikt som dette. 

Ønsker tips og informasjon frå publikum

Eigedomen til Juvskås ligg i Vinje kommune, men på strekninga mellom Åmot og Dalen. I forkant av brannen skal Juvskås ha snakka med ein mann som var utafor huset sitt. Mannen skal vere i 30-40-åra, tynn, og hadde då på seg mørk genser og blå dongeri. Politiet ønsker framleis å kome i kontakt med denne mannen. 

– Me ønsker også informasjon om folk som har gått til fots eller nytta ulike typar køyretøy, bil, atv, utv, alle slags køyretøy, på strekninga mellom Dalen og Åmot i tidsrommet 21.00 onsdagskveld og fram til 07.00 i dag, torsdag, seier Dahl. 

Straffelova paragraf 355 omhandlar brannstiftelse og liknande ulykker som kan føre til tap av menneskeliv. Den som forårsakar ein slik brann, som lett kan føre til tap av menneskeliv, blir straffa med fengsel frå 2 år og inntil 15 år. 

Powered by Labrador CMS