Vilje Juvskås heime på Jordstøyl.

Vilje blir utsett for hærverk og sjikane i sitt eige hus

Før jol flytta Vilje Juvskås til den vesle plassen Jordstøyl i Vinje. To gonger har ho opplevd hærverk og sjikane heime hos seg sjølv.  

Publisert Sist oppdatert

– Eg vil berre få lov til å bu i fred og ro på Jordstøyl, seier Vilje Juvskås. 

Juvskås har som mål å arrangere Bygdepride i alle kommunane i Vest-Telemark. Så langt har ho arrangert Bygdepride i Seljord, Kviteseid og Vinje, og i år var det Tokke sin tur. Juvskås kjem frå Flatdal, men i fjor haust kjøpte ho sitt aller fyrste hus, den vesle plassen Jordstøyl som ligg i Vinje kommune, rett ved fylkesvegen som går mellom Dalen og Åmot. 

I starten av mai dukka det opp ein gutegjeng heime hos Juvskås. VTB har tidlegare omtalt hendinga. 

Juvskås fortel at gutane dukka opp på eigedomen klokka 23.40 og var der fram til 01.30. Ifølge Juvskås dunka dei i veggane, ropa krenkande ting og framstod som trugande. Ho opplevde det som veldig ubehageleg, og heldt seg oppe i 2. etasje medan det heile føregjekk. Politiet kom og forsikra om at dei hadde reist frå eigedommen. 

19. juni skjedde det igjen. Då ho kom heim til Jordstøyl oppdaga ho at nokon hadde kasta ein stein gjennom kjøkkenvindauget i det vesle huset som ho nå pussar opp. 

Saka er nå meldt til politiet, og ho har plassert fleire overvakingskamera på den vesle eigedomen. 

– Eg synest det er tragisk. Det går ikkje berre utover meg, men òg huset, som har mange originale detaljar, fortel Juvskås til VTB. 

Dette synet møtte Juvskås då ho kom heim til Jordstøyl.
Dette synet møtte Juvskås då ho kom heim til Jordstøyl.

Som til dømes glaset som nå er knust. 

– Eg er ikkje redd, men blir meir og meir medviten, legg ho til.

Får støtte

Vinjeordførar Jon Rikard Kleven meiner Vinje skal vere eit opent og tolerant samfunn.

Etter at Juvskås delte hendinga på sin eigen Facebook-profil har mange sendt støttemeldingar. Både ordførar og varaordførar i Vinje har også delt saka, og gjeve eigne støtteerklæringar. Ordførar Jon Rikard Kleven formulerer seg slik: 

Varaordførar Nils Johan Svalastog Garnes oppmodar folk til å snakke med folk rundt seg om at dette ikkje er greitt.

– Det er ein skam at nokon kan oppføre seg slik. Me skal ikkje ha det slik i Vinje kommune. Me skal vere eit ope og tolerant samfunn.

Varaordførar Nils Johan Svalastog Garnes deler saka med denne kommentaren: 

– Vinje er ein god plass å bu – men dessverre opplever nokre det ikkje alltid slik. Me kan ikkje sjå på at naboar og sambygdingar opplever trakassering og hærverk! Eg håpar folk er tydeleg på at dette ikkje er greitt og snakkar med folk rundt seg om det – anten det er kollegaer, born eller vener.

Powered by Labrador CMS