Ungdomsrådet i Vinje hadde digitalt møte måndag.

Forslag om festskyss frå nabokommunen er bra, men ungdomen vil ha med «Fjellaura»

Ungdomsrådet er positive til forslaget om at vinjeungdom skal få koma seg «heim for ein 50-lapp» frå festlegheiter på Dalen. I tillegg vil dei ha skyss heim frå gapahuken Fjellaura i Høydalsmo.

Publisert Sist oppdatert

I april 2025 blei det kutta i ordninga «Heim for ein 50-lapp» i Vinje. Då vart mellom anna aldersgrensa auka slik at ordninga ikkje lenger gjaldt 8.- og 9.-klassingar. Det var denne gruppa som brukte ordninga klart mest, og då særleg for å koma seg heim frå ungdomsklubb.

Nå kjem eit forslag om endre ordninga igjen. Dersom endringane blir vedtekne blir det mogleg for målgruppa å ta taxi heim til Vinje for ein 50-lapp frå fest på Dalen. Dei kan også få buss heim for ein 50-lapp frå større arrangement, og dei som er på ungdomsklubb kan igjen få billig taxi heim – til ein viss grad.

– Trykker den mopedbilen alt for full

Ei av målsettingane til ordninga med at ungdom og unge vaksne kan få taxi heim for 50 kroner når dei er ute på fest og sosiale samkome er å motverke fyllekøyring og annan uvettig og farleg køyring heim. Det er noko av bakgrunnen for at ein ønskjer å utvide ordninga slik at vgs-elevar frå Vinje også kan koma seg trygt heim frå Dalen for ein 50-lapp.

Kultursjef Kristian Rantala fortalde om bakgrunnen for endringsforslaga.

– Det er mange som trykker den UTVen eller mopedbilen alt for full, og slike ting er jo ein høg risiko, sa kultursjef Kristian Rantala då ungdomsrådet var samla på Teams måndag denne veka.

Pengane til endringane har ein tenkt å ta frå same potten som alt er sett av til ordninga, og det fekk representanten Tarjei Vesaas Tveito til å undre seg.

– Var det ikkje slik at «heim for ein 50-lapp» fekk mindre pengar i dette kommunebudsjettet enn året før? Har me råd til dette? spurde han.

– Ja, me har råd til å køyre ein test, og så må me sjå kor mykje folk bruker det før me kan skru det til så me veit det er innanfor potten, svarte Rantala, som også kunne fortelje at potten blei justert opp i forfjor. Då blei det ståande att ein del pengar, og derfor var det rett å justere potten ned i år.

– Berre frå Dalen?

Ungdomsrådsleiar Margit Magnesdotter Kostveit påpeika at den populære festplassen Fjellaura i Høydalsmo blir nemnd i saksgrunnlaget, medan forslaget berre gjeld skyss heim frå Dalen sentrum.

– Er det tenkt at det berre skal vere frå Dalen, eller skal det gjelde heile Tokke? spurde ho.

– Eg trur ikkje me kan opne opp for heile Tokke, men kanskje me kan opne opp for at det også kan gjelde frå Høydalsmo, svarte Rantala.

Det kom også spørsmål om korleis ein bestemmer kva som er større arrangement, med tanke på bussbiten.

– Det vil vere for arrangement som eksempelvis påska på Rauland, der det til dømes er større arrangement knytt til Tiurteltet, sa Rantala.

Ungdomsrådet stilte seg bak forslaget til endringar, og la til at ordninga også burde gjelde frå Høydalsmo sentrum. Saka skal vidare til formannskapet og kommunestyret.

Endringsforslaga:

  • Ungdom skal kunne bruke ordninga til å koma seg heim frå fest i Dalen sentrum. Dette har samanheng med at mange vinjeungdomar er elevar på Vest-Telemark vidaregåande og deltek på festar og andre sosiale samankomstar der. 
  • Etter forslag frå Margit Magnesdotter Kostveit la ungdomsrådet til at ordninga også burde gjelde frå Høydalsmo sentrum.
  • Ein set opp buss frå større arrangement og ved høgtider, sidan taxiselskapa ikkje har kapasitet til å følge opp ordninga på slike kveldar. 
  • Ordninga skal kunne brukast heim frå ungdomsklubb. Dette vil ein moglegvis rotere mellom klubbane.  Det kan også bli aktuelt å setje opp drosjer mellom ungdomsklubbane
  • Ein vil måtte ha rammer som gjer at ein ikkje bruker opp heile potten til ordninga for tidleg. Dette vil ein koma attende til.
Powered by Labrador CMS