Stortingspolitikar Mahmoud Farahmand (H) besøkte Scania i Brunkeberg for å høyre om korleis avdelinga har bygd om militært utstyr. Her er han saman med Jan Tore Nes som er distriktssjef for Norsk Scania avdeling Brunkeberg.

Fekk sjå korleis den lokale verksemda bidreg for Forsvaret

Stortingspolitikar Mahmoud Farahmand (H) har sjølv bakgrunn frå Forsvaret. Tysdag besøkte han Norsk Scania i Brunkeberg for å høyre korleis avdelinga har oppgradert militært utstyr.

Publisert Sist oppdatert

- Eg er imponert, sa Mahmoud Farahmand etter besøket hos Norsk Scania i Brunkeberg.

Stortingspolitikaren hadde lenge hatt lyst til å besøke verksemda i Vest-Telemark, blant anna for å høyre om oppdraga dei har hatt for det norske forsvaret.

Stortingspolitikar Mahmoud Farahmand fekk omvisning i bygget til Norsk Scania i Brunkeberg.

På industriområdet i Brunkeberg fekk han omvising i verkstadbygga og snakke med fleire av dei som jobbar i verksemda.

Gjer alt på ein stad

Det er 32 tilsette på Scania i Brunkeberg.

- Og me har tilsette i alle aldrar, og av begge kjønn, fortalde distriktssjef Jan Tore Nes.

Han har vore oppteken av å ta godt vare på dei unge lærlingane som kjem til Scania, og er også glad for at det nå er fleire jenter i staben.

Jan Tore Nes viser stolt fram alle dei tekniske godkjenningane verkstaden i Brunkeberg har. Her saman med Mahmoud Farahmand.

Nes starta med å vise politikaren alle dei tekniske godkjenningane verkstaden har. Han meinte det var ein av årsakene til at dei hadde fått oppdraga frå forsvaret.

- Her kan me gjere alle operasjonane på ein stad, sa han. 

Farahmand hadde fått med seg at mykje av utstyret som kjem inn på verkstaden i Brunkeberg kjem langvegs frå. 

- At forsvarsmateriell blir køyrd frå Nord-Noreg og ned hit, seier noko om kompetansen de har her, sa han.

Får lengre levetid

Det var i 2019 at Scania i Brunkeberg starta opp med å oppgradere semitilhengarar for Forsvaret. Hengarane var gamle, men dei som brukte dei var fornøgde med dei, fortalde Nes.

Det vart derfor bestemt at ein heller skulle oppgradere dei gamle enn å kjøpe nye. Slik fekk dei solide hengarane lengre levetid. I tillegg har det spara Forsvaret for mange millionar samanlikna med å kjøpe nye. 

Espen Hauglid er ein av dei tilsette på Scania i Brunkeberg. Her pussar han ned ein av lastebilane til Forsvaret som seinare skal lakkast om på nytt.

Nes fortalde om strenge krav frå Forsvaret.

- Den dagen det smell så skal dette virke.

Det var stortingsrepresentanten heilt einig i. 

- Det har eg erfaring med sjølv, sa han.

Farahmand, som har ti års erfaring frå Forsvaret, har fleire gonger vore i utanlandsteneste, og veit kor viktig det er at utstyr fungerer.

-  Eg har sjølv opplevd at køyretøy ikkje startar når du treng dei, sa han. 

Viktig kompetanse

Ei meir uroleg verd gjer at overføringane til Forsvaret nå aukar. Stortingspolitikaren meiner det er viktig at ein ikkje berre auker overføringane, men også sørgjer for at pengane blir bruka best mogleg. Han er oppteken av at ein må auke den totale forsvarsevna i landet, og meiner det er riktig at forsvaret nyttar seg av kompetanse som finst ute i lokale verksemder.

- Og her har me ei lokal bedrift i Vest-Telemark som har viktig kompetanse for forsvaret, sa han.

Kristian Stray Jacobsen (f.v.), Mahmoud Faranhmand og Espen Hauglid.
Powered by Labrador CMS