Emma broderte si eiga bunadskjorte til konfirmasjonen 

23. august var Emma Sordal Heggard frå Dalen konfirmant. I tida før brukte ho mange timar på å brodere si eiga bunadskjorte.

Då det vart vanskeleg å finne nokon som hadde tid til brodere bunadskjorta før konfirmasjonen bestemte Emma Sordal Heggard seg for å gjere det sjølv.

Publisert

– Det har jo vore moro, men ein blir litt lei også. Det tek veldig lang tid, og alt er så smått, fortel Emma. 

23. august var ho konfirmant i Skafså kyrkje, og medan bunaden vart sauma og montert av andre lokale krefter fann dei ingen som hadde tid til å brodere skjorta til Emma. For i utgangspunktet var planen at nokon andre skulle gjere det. Emma hadde ikkje sauma noko særleg før, og det var heller ingen andre i familien med slik erfaring. 

Men så var det nokon som sa at du kan jo berre gjere det sjølv. 

– Så då gjorde eg det da, seier Emma og smiler. 

– Då kunne eg få akkurat dei fargane eg ville ha som passa til bunaden min. 

Å velje fargar var også litt vanskeleg. Men ho har valt same fargenyansar som på bunaden. 

For Emma var det naturleg å velje Vest-Telemarkbunad. 

– Me hadde ein gamal bunad etter bestemor som me vurderte å bruke. Men ho var frå Valdres, og eg ville gjerne ha Vest-Telemarkbunad sidan eg kjem herifrå.

Mamma Silje hjelper til med å få bunaden på.

Tålmodstest

Då Emma gjekk i 8. klasse på Tokke skule hadde dei eit prosjekt på skulen der elevane vart betre kjent med tradisjonelle handverk, og alle jentene broderte si eiga hårbøyle. Klassa reiste opp til Vest-Telemark museum i Eidsborg, og der fekk dei opplæring og rettleiing av lokale handverkarar. Og då Emma bestemte seg for å brodere bunadskjorta sjølv vart ho med mamma Silje på eit par kveldar som Husflidlaget arrangerer. 

Emma valde sjølv fargane til skjorta.

Emma fortel at det var ein gjeng med gamle damer som møtest for å sy og gjere handarbeid. 

– Ja, dei er ikkje gamle da, ler mamma. 

Men elles har Emma funne ut av det sjølv. Ho tok fatt på jobben litt før jol i fjor. 

– Men så la eg det vekk ei beite og gløymde det litt bort. Og så kom våren og eg fekk dårleg tid. 

– Eg rekte ikkje opp så mykje. Men litt av det eg hadde gjort på starten, det vart eg ikkje så fornøgd med. 

Då gjorde Emma det på nytt. Og det har tatt lang tid. Ein god test for tolmodet. 

– Når ho har vore litt lei har me motivert med å seie at dette er noko du aldri kjem til å angre på, fortel mamma Silje.

Og Emma er glad ho gjorde det sjølv. Sjølv om ikkje planen var å brodere skjorta sjølv, var ho heile tida bevisst på at bunaden skulle lagast lokalt.

Med lokale handverkarar som har sauma og montert bunaden og skjorta brodert av konfirmanten sjølv, kunne ikkje bunaden bli stort meir kortreist. 

Emma hadde lyst på Vest-Telemarkbunad og var bevisst på at bunaden skulle lagast lokalt.



Powered by Labrador CMS