7.-klassingane ved Flatdal oppvekstsenter prøva seg som rosemålarar på skjerefjølene dei designa tidlegare i år. Bak frå venstre: Thomas Aase-Pettersen, Håkon Sudgarden, Eilev Valhovd, Åsmund Mæland, Krisander Kåring og Andres Nordgarden. Framme frå venstre: Sondre Kåsa, Mattis Lien, Erlend Vosgraff Barstad, Astrid Lindvik og Morten Kasland Groven.

Elevane fekk prøve seg som rosemålarar

Eit av kompetansemåla i kunnskapsløftet etter 7. klasse er å lage eit produkt med inspirasjon frå kulturarven. Éin viktig tradisjonsberar i bygdene har vore rosemåling. Det var noko me skulle få prøve oss på saman med rosemålar Bjørg Oseid Kleivi.

Publisert

Rosemåling er ein kunst og pynt i mange heimar. Det starta på 1700-talet i middelhavslanda og blei fort populært. Og det spreidde seg til Noreg. Det finst mange rosemålarar, og Bjørg Oseid Kleivi i Åmotsdal er ei av dei. Ho har drive på med det i 40 år og har peiling. Me spurde ho om det var noko ho ikkje lika. Og da svarte ho at det ikkje var så mykje, men at ho kanskje ikkje lika å pusse alt ho skulle måle etterpå. Fordi det tok veldig lang tid. Og det er noko me i sjuande klasse kan skrive under på. Me måtte pusse skjerefjølene veldig masse, og det tok tid, fordi den måte bli heilt glatt og det måtte ikkje vera små fliser på den.

Å lære bort kunsten til andre

Litt fakta om rosemåling

Mange har, eller har sett, møblar, skjerefjøler, trebollar, kister og meir som er rosemåla. Rosemåling er ein fin kunst og tradisjon me har hatt i Noreg sidan 1700-talet, rosemåling har mange variantar, forskjellige fargar og tradisjonar, det finst fleire rosemålarar i nærområdet.

Rosemåling har røter i norsk folkekunst. Den blei i hovudsak utført i bygdene på 17-1800 talet.

Rosemåling er blant anna å måle roseblad og stilkar på treverk, det starta på 1700-talet og har utvikla seg spesielt her i Telemark og Hallingdal. Det har også strekt seg nedover Numedal, Setesdal og Vest-Agder. Men det mange lurar på er: Kjem rosemåling eigentleg fra Noreg?

Me spurte Bjørg Oseid Kleivi kvar rosemåling var i frå, då svarte ho at rosemåling ikkje stammar i frå Noreg, det er i frå Middelhavslanda. Som for eksempel Spania, Frankrike, Italia, Hellas og Tyrkia. Mange fekk input frå båtar med varer som kom blant anna til Bergen. Dei første rosemålingselementa finn me i kyrkjer.

Me spurde Bjørg kva for eit dekorelement eller kva slags stil ho pleier å bruke når ho rosemålar. Då fortalte ho at ho forma dekorasjonen i s’ar og c’ar. Me lærte om å lage blomar, og å lage prikkar ved å bruke den motsette sida av penselen. Me lærte å pusse før Bjørg kom, me lærte å lage skugge og lys frå sola, og me lærte korleis me skulle halde penselen. Me lærte kva for fargar me skal bruke når me bruker spesifikke fargar. Som for eksempel når me brukar raudt, brukar me brun for skygge, og oransje for lys.

Me har hørt at Bjørg reiser til USA og har rosemålingskurs der. Me spurte Bjørg om kor ofte ho er i USA og kva ho gjer der. Bjørg svara at ho var der ein gong i året, men i år blir det to. 

Når ho er i USA, har ho kurs. I år skal ho ha 26 stykk på eit kurs, det syns ho var litt mange, men ho satsar på at det gjeng bra. Ho syns det er moro å lære bort til andre, og me håpar ho syns at det var moro å lære bort til oss.

Inspirasjon

Bjørg blei ikkje inspirert av ein spesiell rosemålar, men synast at det var morosamt å sjå på andre folk som rosemåla.

Ho samarbeider ikkje med nokon når ho arbeider med rosemåling, men mannen hjelper til nokon gonger med å grunne det ho skal rosemåle på.

Me spurte om kva ho synast er mest morosamt med rosemåling, då svara ho at det var veldig morosamt å sjå at det ho dreiv på med utvikla seg, at det blei større og fekk fleire detaljer og slikt.

Tusenvis av ting

Bjørg har rosemåla mange forskjellige ting, ja det er i tusenvis av ting Bjørg har måla. Ein god del av rosemålinga er bollar, ho har også måla mange kister. Det største ho har måla er delar av ei kyrkje, mens det minste er kanskje èin detalj på låsen til eit skrin.

Tusen takk til Bjørg

Tusen takk til Bjørg Oseid Kleivi som ville ta turen ned til Flatdal og lære 7. klasse å rosemåle. 

Me lærte veldig mykje og det var veldig morosamt å måle med ho. Bjørg fortalte oss litt om kunsten ho driv på med, og kva som ser fint ut, og kanskje det som ikkje ser så bra ut. I tillegg lærte ho oss mange teknikkar og triks.

Rosemålar Bjørg Oseid Kleivi kom på besøk til klassa for å lære dei å måle.

Oppgåve i norsk

Elevane i 7. klasse ved Flatdal skule har hatt samskriving i norsk, og arbeidd med å lage ein reportasje om kva dei har gjort i dette prosjektet. Teksten i artikkelen er skrive av elevane sjølv. 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS