– Eg kjenner at no treng eg bror min, men eg får ikkje vera med han, for han lever ikkje
Ti år har gått sidan Eivind Hovden frå Tokke mista livet på Utøya. Far Einar Hovden og storesystrene Anne Gro Hovden og Inger Helen Hovden Aas, fortel om det enorme engasjementet han hadde, sorga som aldri går over og støtta dei har fått etter at Eivind brått vart teken frå dei, 15 år gamal, 22. juli 2011.
Ein januardag 1996 kom Eivind til verda, den fjerde og siste i syskenflokken i familien Hovden.
– Han var ein glad og engasjert gut, fortel Anne Gro.
– Eivind var attpåklatt i syskenflokken, og hadde liksom ein ekstra energi. Livsgleda han hadde var utruleg sterk og han hadde ein fantastisk humor, seier Inger Helen.
Eivind skulle i løpet av åra han levde markere seg som ein sjølvsikker gut, som torde å stake ut sin eigen kurs i livet.
– Han stod for det han gjorde fullt ut, og gav blanke i om fleirtalet ikkje lika det, supplerer Anne Gro.
Den store lidenskapen
– Som så mange andre ungdommar starta han på fotball, men kutta det ut då han fann andre ting han var meir interessert i, fortel Einar.
Eivind skulle i oppveksten tileigne seg eit breitt spekter av interesser og hobbyar. Musikkinteressa var noko av det fyrste som gjorde seg gjeldande.
– Det er ei interesse heile familien har hatt, og han var ikkje gamle karen då han fekk sin fyrste gitar i jolegåve, seier Inger Helen.
– Det viste seg fort at dette var noko han hadde talent for. Han sat å høyrde på songar og starta å spele, utan notar, held ho fram.
– Han tok det på gehør. Me kunne sitje nede i kjellarstova og sjå på fjernsyn. Plutseleg fór han opp på rommet, og då tok det ikkje lang tid før ein høyrde gitartonar, fortel Einar.
– Han var nok den av oss som hadde mest musikalsk talent, seier Anne Gro.
– Han trivst så godt med musikken, at eg trur det er noko han hadde halde fram med, seier Inger Helen.
Eivind spela ikkje berre solo, han var også med i bandet «Gul Snø», i lag med nokre kameratar.
– Eg var så heldig at eg fekk dei til å spele i bryllaupet mitt, hausten 2010. Det blei utruleg bra, og sjølvsagt noko me er veldig takksame for no, fortel Inger Helen.
Frå tidleg av var det rockebandet AC/DC som fengja mest, men ettersom tida gjekk, vart spelelistene utvida med fleire artistar og band.
– Ramones høyrde han mykje på, det same med Johnny Cash. Green Day gjekk så det susa etter på morgonane. Ein vakna opp og han var i full gang i sjutida, minnest Inger Helene.
Det var ikkje berre internasjonale band som fengja Eivind, han var også stor fan av norske Turboneger og gjekk inn i fanrøyrsla «Turbojugend» med sedvanleg engasjement.
– Han blei medlem av Turbojugend i Skien. Dei kom derifrå heim til oss, for han var eigentleg for ung til å vera med, men han var så engasjert og sto så på, at dei let han vera med likevel, fortel Anne Gro.
Gitaren var sjølvsagt inventar i bagasjen då Eivind reiste til Utøya, med Turbojugend-jakka på.
– I ettertid har me fått bilete av folk der han sit med gitaren på Utøya, og gitaren fekk me henta heim att. Desse minna er veldig gode å ha, seier Inger Helen.
Mange jern i elden
Musikken var ikkje den einaste kreative interessa Eivind hadde, han var også ivrig med blyant og papir.
– Han var veldig glad i å teikne, spesielt frå musikken og Hank von Helvete (tidlegare frontmann i Turboneger, journ. merk) var eit populært motiv. Og så var han veldig ivrig på å jobbe med signaturen. Namnet på gravstøtta er Eivinds eige namnetrekk, fortel Inger Helen.
– Han hadde også stor interesse for krigen, og både teikna og las mange bøker om den, fortel Einar.
Dei minnast Eivind sin gode humor, og talent for å imitere.
– Om han hadde besøk av ein kamerat, sat dei gjerne og såg på TV, og så fort dei høyrde noko morosamt, høyrde me han drog nokre imitasjonar, humrar Einar.
Eivind var veldig interessert i jakt, og var naturlegvis med på elgjakt ved hytta på «heii».
– Eivind og eg prøva oss litt på reinsdyr og rypejakt i lag også, fortel Einar.
Provisorisk mopedverkstad
Ettersom han blei eldre, vart han interessert i motoriserte framkomstmiddel.
– Han var veldig glad i Volvo og han hadde store planar om å kjøpe seg ein som han kunne køyre med når han skulle ta lappen, fortel Inger Helen.
Men det var ikkje bil som var hovudprioritet våren og sommaren 2011. Det var moped.
– Då var det Tempo det gjekk i, eg hadde ein gamal modell som han køyrde på. Då me var inne på hytta, hadde han med seg ein kamerat, og dei stella til mopedverkstad i garasjen. Han køyrde og kosa seg veldig, seier Einar.
Då Eivind vart konfirmert, 29. mai 2011 i Mo kyrkje, hadde han planen klar på kva han skulle bruke pengane på.
– Me hadde snakka med syskenbarnet hans, som hadde ein restaurert gamal Tempo, og avtalt at Eivind skulle kjøpe denne, fortel Einar.
Noko av det siste dei gjorde saman før Eivind gjekk på bussen til Utøya, var å reise innom ein butikk for å kjøpe mopeddelar. Delane tok Einar med seg heim att, der dei framleis står.
– Me rakk ikkje få gjennomført Tempo-handelen før han reiste til Utøya, men me kjøpte mopeden seinare, fortel far.
Eitt lokallag på eiga hand
Eivind hadde ei raskt veksande liste med hobbyar og engasjement, og melde seg inn i både Raude Kross og etter kvart Arbeidarpartiet. Det var spesielt ei sak som vart katalysatoren for det politiske engasjementet.
– Mot slutten, i løpet av det siste året, var snoskuterkøyring eit heitt tema. Dette engasjerte Eivind seg i, og han skulle ta det opp frå talarstolen på Utøya, minnest Einar.
Kva som gjorde at han valde nettopp Arbeidarpartiet, veit korkje Einar eller storesystrene. Men at valet var gjennomtenkt, er dei ikkje i tvil om.
– Eg hugsar han spurde meg, men eg sa at dette var noko han måtte finne ut av sjølv. Som den ressurssterke personen han var, snakka han med folk i både Arbeidarpartiet og i AUF på eige initiativ, seier Inger Helen.
Då han hadde staka ut den politiske retninga, var det å reise til Utøya heilt på eiga hand, med ein sjølvplukka fanesak, i tru Eivind-stil.
– Det var ikkje noko lokallag i Vest-Telemark, men han hadde ingen problem med å reise aleine. Det seier så mykje om kven han var som person. Me syskena kunne nok også reist på leir, men eg trur ikkje me hadde gjort det utan at fleire hadde blitt med, seier Inger Helen.
– Han var flink til å komme i kontakt med folk. Eg var aldri bekymra for at han kom til å setje seg i teltet sitt for å lesa boka si, slik som eg kanskje hadde gjort i den situasjonen. Eg tenkte han kom til å vera i sitt ess, og få møte spanande folk frå heile landet, held ho fram.
At han kom til å kose seg på Utøya, merka familien då dei køyrde han til bussen, med avgang frå Telemarksporten i Porsgrunn, 19. juli 2011.
– Han var borte og snakka med dei andre AUF-arane, og kom tilbake til oss. Då tenkte eg at han kom til å få det heilt knall, minnest Inger Helen.
– Det var ein gut som smilte og vinka då han reiste. Då han kom heim att, var det i bårebil og kiste.
Evig sakn
Saknet etter Eivind ligg der heile tida, både i kvardagen og ved merkedagar i familien.
– Han var jo ein del av familien, som blei teken ifrå oss så brått. Det er mange små ting i kvardagen som ein tek for gitt. Han hadde sin plass rundt middagsbordet, sin måte å gå i trappa og inn og ut av dører på. Når desse tinga brått blir borte, blir det veldig tungt. Ein lengtar etter at han skal kome å setje seg på plassen sin, høyre lydane frå trappa, musikken frå rommet, eller at me må hente han på ungdomsklubben, seier Inger Helen.
– I tillegg har du alle dei store hendingane som har kome og gått i familien. Eivind skulle bli onkel for fyrste gong då han var på Utøya i 2011. Bursdagar, konfirmasjonar og ikkje minst jol. Eg kjenner at no treng eg bror min, men eg får ikkje vera med han, for han lev ikkje. Det er tungt å tenke at me ikkje får resten av livet saman. Han var den umistelege.
– Me har vore borte i sorger i familien tidlegare. Men dette er noko heilt eige. Det er så traumatisk når minstemann i familien blir skoten og drepen. Det endrar alt, og slepp ikkje taket i deg, held Inger Helen fram.
– Liva våre vart øydelagde
I opptakten til tiårsmarkeringa for 22. juli, har det vore ein aktiv debatt kring etterspelet og oppgjeret med haldningane som låg bak terroråtaket.
– Når det kjem til etterspelet og tiårsmarkeringa, har eg hatt meir enn nok med meg sjølv, og det me har gått igjennom. Likevel synest eg det er bra å sjå at me no tar eit oppgjer med måten 22. juli har blitt snakka om og handsama i ettertid. Når det er sagt, kjem 22. juli for meg alltid til å handle om Utøya, at Eivind vart skoten og drepen og kva det har gjort med meg og oss, seier Inger Helen.
– Liva våre vart øydelagde. Det er eit før og eit etter 22. juli. Av og til klarar me å leve relativt greitt med det, medan andre gonger er det veldig sårt og vondt, held ho fram.
Sorga ligg latent for familien, og gjer seg spesielt gjeldande når det blir eitt tema i mediebiletet.
– Ein blir jamt minna på det gjennom, noko som er veldig tappande og kostar mykje energi. Likevel er det godt å sjå at problematikken blir lyfta opp og fram. Det verkar som debatten har stått på staden kvil i ti år, seier Einar.
Kjenner sorga på kroppen
Familien har også kjent fysiske symptom etter å ha mista Eivind. Til dømes dårlegare konsentrasjonsevne og svekka minne.
– Å streve med ting som ein klarte utan problem før 22. juli, er på ein måte ei sorg i seg sjølv. Små ting i kvardagen er nok til å slite ein ut, forklarar Inger Helen.
– Ein blir også mykje meir forsiktig og redd. Eg er mykje meir var for lydar, skrik og smell enn eg var tidlegare, det sit i kroppen, fortel Einar.
Sidan Utøya har ein sett ei auke i høgreekstremisme og terroråtak i store delar av verda.
– Ein blir sterkare påverka av ting som skjer andre stader i verda. Det er mange likskapar til det me har opplevd, og ein blir reddare fordi ein kjenner seg att, seier Einar.
– Me skjønnar at det er ti år sidan, men for oss er kort veg tilbake til det som skjedde. Spesielt no om sommaren er det mange påminningar, det kan vera lydar, lukter, eller aukande fokus i media. Då er eg brått tilbake i 2011, fortel Inger Helen
Eitt aspekt frå kvardagen er likevel ein indikator på at det faktisk er ti år sidan Eivind blei teken frå dei.
– Ein ser at dei som gjekk i klassa hans no er vaksne kvinner og menn. Det er veldig godt å sjå dei, sjølv om det er sårt å ikkje sjå Eivind i lag med dei. Då blir det brått «jøss, du har blitt ein stor kar, du var no berre ein liten fis på femten», seier Inger Helen.
Finn styrke i fellesskapet
Spesielt samlingane i lag med dei etterlatne, i regi av mellom anna Helsedirektoratet, har vore viktig for å jobbe med sorga og saknet.
– I løpet av det fyrste året var det tre eller fire slike. Den fyrste kom vel alt i august 2011, seier Anne Gro.
– Det å få møte andre foreldre og sysken som også hadde mista sine kjære, var ei stor hjelp. Det var umogleg for andre enn dei som også hadde mista nokon å verkeleg skjønne situasjonen me stod i, seier Inger Helen.
Eivind og Silje Merete Fjellbu frå Tinn var dei to frå Telemark som døydde på Utøya.
– Det var veldig godt at det ikkje var andre frå Vest-Telemark som døydde, men det førte til at me følte oss veldig aleine oppe i det heile. Difor var samlingane med dei andre etterlatne så viktige, held Inger Helen fram.
Det faglege hovudansvaret for dei pårørande og etterlatne er det senter for krisepsykologi som har hatt, deriblant psykologane Atle og Kari Dyregrov, som begge har doktorgrader i sorg.
– Det har vore ei veldig stor hjelp å ha hatt fagfolk og snakke med. Dei har forklart at det me har kjent på av symptom, som manglande minne og vera var for lydar er heilt normalt etter å ha opplevd slike traume, seier Inger Helen.
Etter 22. juli vart det også sett opp fleire støttegrupper, både nasjonalt, og på fylkesnivå. For å ha eit større fellesskap av etterlatne, har Anne Gro og Inger Helen meldt seg inn i støttegruppa for Akershus, heimfylket til sju av dei drepne.
– Å sjå det er sjølvsagt tungt, men det hjelper å sjå at det er fleire som er i same situasjon, fortel Inger Helen.
– Me måtte opp hit, uansett kor vondt det gjorde
Eivind vart bisett i Mo kyrkje 5. august 2011, og har fått sin endelege kvilestad på kyrkjegarden utanfor. Anne Gro, Inger Helen og Einar bestemte seg tidleg for at grava skulle vera ein stad dei ville vera komfortable med å koma til.
– Grava har blitt ein fin stad å vera for oss. Det er eg veldig glad for. Dagen etter gravferda, snakka eg med Anne Gro, og me bestemte oss for at no måtte me opp til han. Me måtte ta eit val, anten blir det ein stad det er godt å koma til, elles så kjem me til å halde oss vekk. Me måtte opp hit, uansett kor vondt det gjorde, fortel Inger Helen.
– Me har klart å gjera det til ein god stad for familien, no er det greitt og fint å vera her, seier Einar.
– Me får stella for han, planta blomar på sommaren, tenne ljos på vinteren. Eg er glad for at han får kvile her i Mo, fortel Inger Helen.
– Det er aldri feil å bry seg
– Det er framleis uverkeleg, sjølv om me har levd utan Eivind i ti år, seier Inger Helen.
Eit viktig aspekt i å takle sorga, har vore støtta familien har kjent på frå lokalbefolkninga, kjende og kjære.
– Det har vore så mange som har sendt meldingar, ringt, kontakta oss på sosiale media og turt å koma bort til oss for å gje oss ein klem. Det er fleire som har sagt; «eg har ikkje ord», og det har ikkje me heller. Denne støtta var kjempeviktig. Det er mange me ikkje fekk svara, rett og slett fordi ein las ei melding og blei så gåen at ein måtte gå å leggje seg, eller så kvalm at ein måtte på do. Me vil understreke at sjølv om me ikkje fekk svara alle, er me utruleg takksame og glade for den støtta me har fått. Det er veldig viktig for oss å få takka alle desse og få fram at det aldri er feil å bry seg, seier Inger Helen.
Dei er også takksame for dei som har tatt kontakt for å dele sine minne med Eivind.
– Det har vore utruleg godt når folk har komme bort og sagt «eg hugsar då Eivind...», og så kjem det ei historie. Det same gjeld dei som har sendt blomar, kome heim til oss eller kome hit til Eivind sin kvilestad. Folk har vore gode, held ho fram.
Det er ikkje berre tobeinte som har vore til trøyst og støtte etter den tragiske julidagen for ti år sidan. Hundane Lunde og Balder har vore til stor hjelp.
– Dei har vore ein veldig viktig del av prosessen, og me var heldige som hadde dei. No er det berre Balder att, han fekk me siste våren til Eivind, som også var veldig glad i hundane. Det er nesten som dei skjønar korleis me hadde det, seier Einar.