Lise Marit Syftestad bur saman med forloveden Martin og sonen Sebastian på Syftestad gard - på Notodden.
Etter mange år i Oslo fann familien fred og ro i Telemark.
– Me har fått ein heilt anna og friare kvardag her, fortel Lise Marit.
Draumen om Syftestad
Me køyrer opp ein bratt bakke i Tinnegrend på Notodden. Vårsøyle sprutar hit og dit, men på toppen av bakken står gardsfolket og smiler til sola – og VTB. To geiter ruslar over tunet, ei bikkje kjem springande og Heddalsvatnet blenker langt der nede.
– Velkommen til oss, seier Lise Marit Syftestad (32) frå Kviteseid og Martin Litwicki (32) frå Birkeland og Polen.
Til påske kjem boka deira «Syftestad gard – et år på småbruket». Den handlar om å gå for draumen, og om oppturar og nedturar etter at dei forlét Oslo til fordel for gardsliv i 2022.
– Me ville begge bort ifrå den hektiske gryta, og ønska å slå oss til ro på ein gard. For meg var det viktigaste å kome nærare Kviteseid. Martin hadde berre eitt krav; utsikt til vatn og fjell, fortel Lise Marit.
Vesttele på Notodden
Vårsola varmar så smått på Syftestad gard mens hunden Dagny spring over vegen og bort til eigarane sine. Kan hende du har sett Lise Marit og Martin i sosiale medium? Dei har 24 300 følgjarar på Instagram, og til og med hunden Dagny blir kjend att på gata i Oslo; er det Dagny frå Syftestad gard?
– Men Lise Marit; når ein har vekse opp i Kviteseid og ønsker seg eit rolegare liv på landet, kvifor ikkje flytte til Vest-Telemark?
– Då eg var 16 år ville eg dra langt vekk. Men nå kjenner eg faktisk at eg blir trekt mot Vest-Telemark, smiler vesttelen på Notodden.
Ho er barnebarn til Arvid Syftestad og dotter til Sverre Syftestad, og såg eigentleg for seg å kjøpe garden på andre sida av helsesenteret i Kviteseid, men den er ikkje til sals.
– Martin og eg hadde berre vore saman i fire månader då me byrja å snakke om å kjøpe oss gard. Martin syntest Kviteseid var litt for langt unna Oslo.
Dei sette ein radius på to timar utanfor hovudstaden. Og for å gjere ei kort «på-leit-etter-gard»-historie kortare; det tok ikkje så lang tid før dei fann draumegarden på Notodden, og kjøpte han for 4,7 millionar kroner.
– Me har fått ein heilt anna og friare kvardag her. Og 50 kvadrat på løkka kosta jo meir enn denne garden, seier dei, og smiler til kvarandre.
Dei er spesielt glade for at sonen Sebastian 1 1/2 får vekse opp på ein gard med dyr.
– Sjølv om alt av dyr berre er kos og utgifter, ingen inntekter, ler Martin.
Akkurat nå er det to geiter på garden etter at dei mista mange i sjukdom i vinter. – Me vil utvide geiteflokken igjen, og skal også ha høner, seier Lise Marit.
Multitalent
Lise Marit serverer noko av det ho likar best med Oslo-kafeliv; kaffi på havremjølk frå kaffimaskin. Inne i stova til Syftestad-paret lurer me på korleis garden eigentleg fekk namnet Syftestad.
– Det var ikkje noko fast bestemt gardsnamn her. Eg sa til Martin at når me gifter oss kan eg ta namnet ditt. Men då må garden ha namnet mitt, fortel Lise Marit.
– Og så gjekk ho tilbake på det etterpå, smiler Martin, som fridde til Lise Marit i fjor sommar – mens Staut øva til konsert på Syftestad – og Matoma seinare på kvelden dukka opp som overraskingsartist.
Lise Marit kallar det «mitt draumefrieri utan at eg visste at det var det».
– Alle Staut-gutane gret på same tid, og det har aldri skjedd før, seier Martin, som har jobba mykje i lag med Staut.
Så tullar han med at det kanskje ikkje blir giftarmål, sidan Lise Marit har gått tilbake på det med namnet.
Martin er opphavleg polsk, kom til Noreg då han var 13 år, og har familie på Sørlandet. Det er han som har pussa opp andre etasje i huset på garden, og som snikrar det meste utomhus.
– Polakk, veit du, seier Martin og ler.
– Multitalent, han kan litt av alt og er ekstra handy, seier Lise Marit.
– Eg er interessert, nysgjerrig og liker å lære, kontrar Martin.
Sa opp jobbane
Martin er utdanna fotograf og dreiv sitt eige produksjonsselskap, Scream Media, i Oslo – med 14 tilsette. Lise Marit er utdanna journalist og har brei erfaring frå TV-bransjen. Det var der ho og Martin trefte kvarandre.
– Eg drøymde om å stå framfor kamera med mikrofon. Men det er mange spisse olbogar i TV-bransjen, og ein må vere litt skarp i kantane. Eg byrja å slite med angst, og trong å finne tilbake til ekte verdiar, fortel ho.
Eit friare liv på gard, tett på naturen, blei løysinga.
– Me pendla litt fram og tilbake til jobb i Oslo i starten, men etter ei tid skjøna me at det ikkje kom til å gå.
I januar 2023 var valet tatt. Martin hadde selt firmaet og Lise Marit hadde sagt opp jobben som produsent i Vrang Produksjon.
– Lise var veldig redd for korleis dette skulle gå, og grein i ein månad etter at me hadde sagt opp jobbane våre, fortel Martin.
Det har gått bra å sei opp jobbar i Oslo. Lise Marit og Martin stortrivast på Syftestad, her saman med hunden Dagny.
Paret kombinerer nå frilansing med moderne gardsturisme.
Perfekt match
Lise Marit og Martin disponerer 20 mål på Syftestad, og har eit mål om å kjøpe fråskild jord tilbake til garden. Dei lever midt i draumen om eit rolegare liv og moderne gardsturisme.
– Me prøver framleis å finne ut kva moderne gardsturisme er. Me visste og veit at me ønsker å skape vår eigen arbeidsplass, seier Martin, og legg til at dei bestemte seg for å starte med dei kunne, og at det var sosiale medium.
Dei kjenner seg heldige som kan jobbe frilans.
– Me er ein perfekt match. Eg bak kamera og Lise Marit framfor. Og me er ikkje låst til nokon plass, og kan ta oppdrag her og der, fortel Martin.
Han fotograferer for artistar, festivalar og i selskap. Lise Marit skriv for Nationen, held foredrag og driv med måling på keramikk. Dei har arrangert open gard nokre gonger, og dessutan konsert med Staut der dei selde ut 500 billettar.
– Me maksa det me kunne der, smiler Martin.
Dei leiger også ut ei lita hytte og fortel at opplevingsturisme er attraktivt. Dei er med i nettverket «Eventyrlige tun» og tipsar besøkande om sidersmaking, sjølvplukk av blomar, gardsbutikk og selskapslokale på nabogardar.
Og så har dei altså skrive bok. Ei bok dei blei bedt om å skrive.
– Redaktøren i Cappelen Damm lika universet vårt. Eitt anna forlag tok også kontakt, men me tenkte at det ikkje er så dumt å ha Noregs største forlag i ryggen, seier Lise Marit.
Ho legg til at det gjer litt vondt i nynorsk-hjartet at boka er på bokmål, men at Cappelen anbefala det.
– Boka handlar om alt frå hagestell, bygging av utemøblar, dyrehald og ting som ikkje har gått etter planen. Tips og oppskrifter får ein også med.
Syftestad-paret har erfart at det også kan bli for hektisk på ein gard. I sommar legg dei opp til meir fri saman.
– Me drar heim til mamma i Vrådal så ofte me kan, og finn ro der. Pappa bur i Østfold, og svigers på Sørlandet, men me prøver å få dei hitover til Telemark alle saman, smiler Lise Marit, og tar ein slurk av kaffien som minner bitte litt om Oslo, men som også passar perfekt inn hos influensar-paret på Syftestad gard.