Politiet var torsdag i Kunstlåven.

Dette synet møtte kunstforeininga. – Nokon må ha sett noko

Over ein periode har uvedkomande bruka Kunstlåven i Seljord som opphaldsplass. Det er utført omfattande hærverk. 

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld melde politiet at dei har vore på ei åstadundersøking i ein låve i Seljord sentrum. Låven er Kunstlåven i Seljord. 

– At ingen har sett noko ...

Det har Ola Mo vanskeleg for å tru. Styreleiaren i Seljord kunstforeining fortvilar. 

Det var då ein av styremedlemmene skulle innom låven torsdag ettermiddag for å hente papir til årsmøtet skadeverket blei oppdaga og politiet kontakta. 

Over ein lengre periode har nokon bruka Kunstlåven som opphaldsstad. Siloen er møblert. Bilde er måla over.  Og det ser rett og slett ikkje ut. 

– Det er jo ingen typisk innbrotstjuv, seier Mo. 

– Dei har vore i alle romma. Alt på kjøkenet er knust, bilde er tatt ut frå lageret og  trampa sund. Skadeverket er omfattande, held han fram. 

Det er ikkje kjent om noko er stole. 

I og med at Kunstlåven er vinterstengt er heller ikkje den mest verdifulle kunsten der, men kunstverka som står der har fått hard medfart av dei uvedkomande gjestene. Mo meiner nokon må ha sett noko. Branntrappa som vender mot Brøløsvegen har blitt flittig brukt. Lyset har stått på, og eit vindauge, også mot Brøløsvegen, er knust.

Og det har altså vore det ei god stund. Mo reknar med at det er nokon i foreininga innom om lag ein gong i månaden når det er stengt. 

Styreleiaren håpar folk tek kontakt med politiet om dei har sett noko mistenkeleg. 

Powered by Labrador CMS