Peparkaker er ikkje favoritten blant julekakene, men ligg på pallen.

Dette er favorittkakene i joli

Når ein peparkakebakar baker peparbakekaker, bør bakaren heller baka krumkaker. Den toppar favorittlista, medan peparkaker ligg på tredjeplass.

Publisert

Ifølgje ei ny undersøking gjennomført av Opinion for Matprat og Opplysningskontoret for brød og korn, er krumkaker favorittkaka blant nordmenn. 13 prosent av nordmenn svarer at krumkaker er best.

På andreplassen er det kransekaker, medan peparkaker er heilt nede på tredjeplassen blant nordmenns favorittar. Etter det er det brune pinnar, Sarah Bernhardt, smultringar og havreflarn som tek dei siste «sju slag»-plassane.

– Krumkaker tronar øvst, tett følgde av kransekake og peparkaker, som i år har gjort eit lite hopp på lista og skove Sarah Bernhardt ned frå pallen. At havreflarn er tilbake på lista, kjem nok av at dei både er enkle å laga, herleg på smak, herlege sprø og vakre på kakebordet, seier dagleg leiar Torunn Nordbø i Opplysningskontoret for brød og korn i ei pressemelding.

Samtidig viser det seg at peparkaker er julekakene me baker og kjøper mest av.

Peparkaker er favoritten blant dei under 30

Det er tydelege skilnader blant favoritten til unge mot dei eldre, kjem det fram i undersøkinga.

Peparkaker er den tydelege favoritten blant dei under 30 år, medan krumkaker er favoritten blant dei over 60. Truleg trekkjer dei mange boksane rundt om på arbeidsplassane snitta opp for peparkakene. Men dei er òg koselege å baka, sjølv om deigen ikkje er av dei minst arbeidskrevjande. Mange kjøper han difor ferdig.

– Peparkaker er enkle å baka, og dei eignar seg godt å baka saman med familie og venner både heime, i barnehagen og på skulen. Dessutan smaker dei godt, så det er nok ikkje tilfeldig at desse er favoritten til barna. At krumkaker er den mest populære julekaka blant dei eldste stemmer godt med at dei eldste er mest oppteke av tradisjonsmat, at krumkaker er den eldste og mest populære julekaka me kjenner til, seier Nordbø.

Jolekaketoppen

  1. Krumkaker 13 %
  2. Kransekake 11 %
  3. Pepperkaker10 %
  4. Brune pinner 8 %
  5. Sarah Bernhardt 8 %
  6. Smultringer 6 %
  7. Havreflarn 5 %
  8. Kjelde:  Opplysingskontoret for brød og korn

Krumkaker er favoritten i dei fleste fylke

Av alle fylke i Noreg er det åtte fylke som liker krumkaker best. Det er Østfold, Møre og Romsdal, Akershus, Buskerud, Innlandet, Telemark, Vestland og Troms.

– Undersøkinga viser at staden me bur på, påverkar kva kaker me vel til jul. Eg ser jo at krumkaker framleis dominerer i store delar av landet, seier Nordbø.

Oslo og Vestfold svarer at peparkaker er favoritten. Medan Rogaland svarer kransekake. Trøndelag liker brune pinnar best, Finnmark kokosmakronar og Nordland liker Sarah Bernhardt best.

(©NPK)

Krumkaker er favoritten blant julekakene.
Moltekrem med krumkake er ein vanleg juledessert.
Peparkaker er likevel favoritten blant yngre nordmenn.
Powered by Labrador CMS