– Det har kosta, men nå har me full og stabil sjukepleiardekning
Tokke kommune held fram med sjukepleiarteam.
Det bestemte eit samrøystes kommunestyre på torsdag.
Å arbeide i sjukepleiarteam var noko Tokke kommune valde å teste ut etter fleire år med store utfordringar med å få tak i nok sjukepleiarar til å arbeide på institusjon. Dei prøvde å auke løna og andre tiltak, utan at det løyste rekrutteringstrøbbelet. For eitt år sidan bestemte dei seg for å organisere sjukepleiarane som arbeider på institusjon og i heimetenesta i team, og det gav resultat.
Kommunalsjef for helse og omsorg Marit Haukom Bråstøyl orienterte om ordninga under torsdagens møte. Målet med omorganiseringa har vore å utnytte ressursane dei har betre, og få rett kompetanse på rett stad. Dei håpa også at sjukepleiarane skulle få eit større fagmiljø og at belastninga skulle fordelast på fleire.
Ordninga har også rekruttert sjukepleiarar og i dag er sjukepleiardekninga i kommunen god og stabil. Å innføre sjukepleiarteam har hatt ein auke av kostnadar på 1,5 millionar kroner. Det er det verdt meinte politikarane.
Treng helsefagarbeidarar
– Eg meiner etaten har jobba godt for å organisere seg på denne måte. Det har kosta, men nå har me full og stabil sjukepleiardekning, sa Sverre Bakke (Sp).
– Det er viktig at me ikkje avsluttar eit prøveprosjekt som dette for tidleg, og det er veldig bra at me har fått sjukepleiarar inn i desse stillingane, meinte Arne Johannesen (SV).
Medan sjukepleiardekninga nå er god i Tokke kommune, har kommunen nå utfordringar med å rekruttere helsefagarbeidarar. Ifølge Johannesen er dette ei utfordring som ikkje berre Tokke strevar med.
– Det blir jobba godt med dei problema som er. Eg synest dette er veldig lovande for tida framover, kommenterte Bakke.