Wenche Jønholt (t.v.) og Inger Marie Espeland gjer klar gåveposane som skal ut for å glede mange.

– Det er verdt timane ein brukar når ein ser gleda i augo på mottakarane

Dei frivillige bak jolegåveaksjonen til Røde Kors i Seljord opplever ei enorm givarglede. – I år blei det 190 gåver til barn og unge i Kviteseid og Seljord. Alle får minst ei gåve, nokon to, seier Inger Marie Espeland. 

Publisert

Nokre gåver er alt leverte ut, men det er framleis ganske fullt inne på Røde Kors-huset i Seljord. I løpet av veka skal alle mottakarane ha henta sine posar.

Slik såg ønsketreet i Næringshagen i Kviteseid ut før lappane blei plukka ned og hengt på gåvene som blei kjøpt inn.

– Gåvene går bare til mottakarar i Kviteseid og Seljord, det er nokon som har lura på det, fortel Inger Marie Espeland som er ein av initiativtakarane til den lokale jolegåveaksjonen. 

Ho fortel at fristen for dei ulike instansane om å melde inn ønske frå barn og unge var 12. desember. I tida etter måtte dei frivillige sortere og lage lister, og lage lappar som blei laminert før dei skulle opp på joletreet i Seljord og Kviteseid.

– Alle som jobbar med ønske på rødekorshuset har signert på teieplikt, og det er bare to av oss som er med når gåvene blir henta av mottakarane, fortel Espeland. 

Ut frå ønskelistene blei det pakka inn totalt 190 gåver i år, det er omtrent som i fjor. Fleire hjelparar stiller opp, og det blir mange dugnadstimar for å kome i mål. 

– Men det er verdt timane ein brukar når ein ser gleda i augo på mottakarane. Det kan vere så mange grunnar til at ein spør om hjelp – livet skjer, seier Wenche Jønholt. 

Endå eit tre

Nytt av året var at det også kom eit ønsketre i Kviteseid, i tillegg til ønsketreet som kvart år står inne på Granvin kulturhus. 

– Dei ringte og spurde om dei kunne ha eit tre i næringshagen i Kviteseid også. Det var så positivt, treet var kjempefint og alle lappane med gåveønske blei levert tilbake med jolegåver, fortel Jønholt og Espeland.

Nå har dei saman med fleire frivillige samla alle gåvene og sortert dei i posar som skal ut til ulike familiar. 

– Ei ekstra gåve som me fekk i år var mykje nye heimestrikka sokkar og barnetøy frå strikkekafeen på frivilligsentralen. Ei heilt uventa og veldig gledeleg ekstragåve. Desse har me plassert i dei ulike gåveposane ut frå kva alder og storleik ønskelappane og heimestrikken er. Noko ekstra som me håpar vil varme, seier Espeland. 

Glad for støtte 

Ekstra gåveposar med både litt nyttig og godt som skal ut til 49 heimar.

I tillegg til stor givarglede frå privatpersonar har årets jolegåveaksjon også fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga med 25 000 kroner og 20 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen. Desse midlane gjer at dei siste ønskelappane, som i år var om lag 30, gåver som ikkje var handla inn, også kunne kome på plass.

– Og me får også litt ekstra midlar til å kjøpe inn nokre posar med litt nyttig, mat, kos og godteri som familiane kan få og nokre gåvekort på til dømes kino eller teater. Me har pakka 68 slike posar i år, seier Espeland.

Gå saman neste år

Ho legg til at barn er barn, og nokre ønske kan vere litt kostbare, og andre ikkje heilt realistiske. 

– Då tar me ein prat og finn eit anna ønske. Me seier mellom anna nei til ønske som det blir eit abonnement på, det kan me ikkje oppfylle sidan dette vil gje familien ei ekstra utgift, forklarar ho, men legg til at mange har kome med ønske om gåvekort.

Ho har også ei oppmoding til neste års ønsketre om at fleire kan gå saman om ei gåve. 

– Vintersko er til dømes dyrt og noko fleire ønsker seg, kanskje ein kunne spleisa med ein eller fleire vener på gåva dersom ein ønsker å bidra, seier Espeland.

Det er både store og små ønsker som blir hengt opp på ønsketreet. Eitt av ønska var ullsokkar til ein ungdom.
Powered by Labrador CMS