Stortrivst på Rokk kafé

På den nye uteplassen utanfor Rokk kafé, som dei tilsette i Idea har laga, er det god plass til endå fleire gjester. Bak frå venstre: Avdelingssjef for arbeid og inkludering VTA i Idea kompetanse, Anne Marie Børresen, Heidi Kristin Krogsæter, Hans Christian «HC» Østergaard Skori, teamleiar ved Rokk kafé Annette Kleiv og Orri Valur Johannsson. Framme frå: venstre Hanne Nenseter og Geir Kaasa Dyrland.

– Det er godt å kjenne at ein har ein jobb å stå opp til kvar dag

Ein kjenner at dei tilsette ved Rokk kafé i Seljord trivst, og dei deler med glede kor bra dei har det på arbeid. Etter ein lang prosess med ombygging har nå arbeidsplassen blitt endå betre – både for arbeid, inkludering, utvikling og kafédrift.

Publisert

Avdelingssjef for arbeid og inkludering VTA i Idea kompetanse, Anne Marie Børresen, samla tilsette og gjester til kakefest og snorklipp, som sjølvsagt blei gjort med garn, utanfor inngangen til Rokk kafé tidlegare i haust.

Rokk kafé sel mykje god mat og kaker, men sel også svært mykje garn. Derfor var snora som skulle markere nyopning sjølvsagt laga av garn.
Rokk kafé sel mykje god mat og kaker, men sel også svært mykje garn. Derfor var snora som skulle markere nyopning, og som Geir Kaasa Dyrland klipte av, sjølvsagt laga av garn.

Etter ein lang prosess er nå alle avdelingane for jobb og utvikling og arbeid og inkludering samla under eitt felles tak på Vekanvegen i Seljord. Gramstad seier det har vore mange provisoriske løysingar, mellom anna med eit kjøkken som låg heilt på andre sida av bygget. Det var trongt og dårleg tilpassa, men nå er det flytta til det tidlegare vevlageret. Kjøkkenet har blitt topp moderne mellom anna med arbeidsbenker som ein har hev/senk-funksjon på slik at ein både kan stå eller sitje i rullestol og jobbe her. 

Etter ombygginga har Idea også høve til å leige ut lokala til kaféen til arrangement, så sant dei tilsette har oppgåver. 

– Kanskje nokon vil ha bryllaup hos oss, seier Geir Kaasa Dyrland, mange kjenner den blide karen som alltid ynskjer alle gjester på Rokk kafé velkomen med varme, rosande ord. 

Administrerande direktør i Idea kompetanse, Tove-Merethe Birkelund, meiner ombygginga ikkje hadde vore mogleg utan eit positivt styre som løyvde pengar, eller at Seljord kommune sa ja til at Idea kunne etablere seg i bygget for mange år sidan. Begge leiarane frå Idea rosa det gode samarbeidet med kommunen, næringslivet og Nav. 

– Seljord er ein god kommune å vere etablert i, sa Birkelund.

Lang prosess

Avdelingssjef Børresen fortel at ombygginga er tenkt på i mange år. Fyrst pussa dei opp kaféen, nå er heile huset rusta opp. 

– Det har vore kummerlege forhold for dei tilsette, men dei har stått på og halde ut. Det har vore varmt om sommaren og kaldt om vinteren. Nå har me god luft, moderne og fine lokale, seier Børresen.

Ho fortel at arbeid og inkludering er kjerneverksemda til Idea i Seljord, og at dei gjer mange ulike oppgåver, ikkje bare knytt til mat, men også ute med ei vaktmeisterteneste. 

– Målet vårt er at arbeidstakarane skal oppleve ein meiningsfull kvardag, der dei kjenner meistring og har eit arbeidsfellesskap. Det trur me veldig på. Djupt frå hjartet, dette betyr noko for folks liv og helse langt utover arbeidsdagen, meiner Børresen. 

Ein meiningsfull jobb

Dei tilsette serverer kake og kaffi på den heilt nye plattingen som er bygd utanfor kaféen denne dagen. 

– Nå er det plass til endå fleire gjester, smiler Hans Christian «HC» Østergaard Skori som har vore med å bygge plattingen. 

Han og Hanne Nenseter fortel at dei trivst godt på arbeidsplassen sin, og skryter av Annette Kleiv som er teamleiar ved Rokk kafé. Dei meiner ho er ein veldig flink sjef, som kan alt frå å snikre til å bake. 

– Og ein kjenner seg velkomen her kvar morgon, og blir tatt godt imot av alle. Me blir inkludert. Det er godt å kjenne at ein har ein jobb å stå opp til kvar dag, og ikkje bare sitje heime, meiner HC.

Hanne nikkar samd, ho fortel at ho trivst godt på jobb og seier at ho likar godt å strikke sitjeunderlag som dei kan selje. Ho fortel også om ei anna oppgåve ho har ansvaret for på Rokk kafé.

– Eg tar imot bøker som blir levert inn. Eg må sjekke alle nøye og bestemme om me kan selje dei for fem kroner stykk, seier ho. 

Er bøkene fine blir dei plasserte i bokhylla på Rokk, om dei er skrivne i eller øydelagde må ein kjeldesortere og mellom anna skilje bokomslaget frå sidene før den kan bli kasta. 

Hanne fortel at ho også har ein arbeidsdag på kjøkkenet kvar veke, og har vore med vaktmeistertenesta ut for å slå gras.

– Det er veldig fint med ulike oppgåver, meiner ho. 

Arbeidsstasjon for å lage brøytestikk i bambus som får refleks og blir bunta saman hos Idea kompetanse i Seljord.

Godt med variasjon

HC strikkar også sitjeunderlag, men likar aller best å jobbe ute i vaktmeistertenesta. Idea tar mellom anna på seg mindre oppdrag med å klippe hekk, rake, rydde og måle.

– Og me har også ansvar for å tømme all søppel kring Telesenteret tre gonger i veka, fortel HC og legg til at han også jobbar med ulik treproduksjon på Idea si avdeling på Gvarv ein dag i veka.

Heidi Kristin Krogsæter set seg også ned ved bordet. Ho fortel at ho har jobba på Rokk heilt sidan det starta for 13 år sidan. Om ein har besøkt kaféen og smaka oreo- eller ostekake, er det stor sjanse for at det er Heidi som har baka desse. 

– Eg trivst kjempegodt her, seier ho og smiler nøgd. 

Dei tilsette bakar mange av kakene i eige hus i Seljord, men har også høve til å bestille større og eit breiare sortiment frå Idea sitt bakeri og konditori på Notodden. 

Mange stamgjester

Etter kakefesten viser teamleiar ved Rokk kafé, Annette Kleiv, oss inn i dei nye og ombygde lokala. Praten går i kaféen, både mellom tilsette og gjester, men også inne på pauserom og ved dei ulike arbeidsstasjonane. 

Dei tilsette på kaféen er glade for at stadig fleire stamgjester kjem att på besøk. Det er barselgrupper, venninnetreff, ein fast gjeng karar og strikkeglade kvinner.

Jobb og utvikling si avdeling, ved Beate Stavland, har også kome på plass i bygget. Her får mange arbeidssøkarar hjelp til å stake ut vegen vidare. Børresen er glad for at alle Idea sine avdelingar i Seljord nå er lokalisert under same tak.

– Me har fått kjempefine lokale, og det er så hyggeleg å ta imot folk her, seier Stavland.

Inne på det nye kjøkkenet er alt mykje betre lagt til rette, med mellom anna eit hev/senk-arbeidsbord midt i rommet viser teamleiar ved Rokk kafé, Annette Kleiv. Og pizzaomn har også kome på plass, snart kan dei opne for eit nytt mattilbod på kaféen.

10 VTA-plassar

 Idea har både mellombelse tilsette i arbeidstrening, faste tilsette med VTA (varig tilrettelagt arbeid) og lærekandidatar som jobbar ein periode for å ta eit kompetansebevis.

– I dag har me ti VTA-plassar i Seljord i tillegg til dei som kjem for arbeidstrening. Idea har totalt åtte7 VTA-plassar på dei ulike lokasjonane på Notodden, Nome, Gvarv og her i Seljord, fortel Børresen. 

Alle dei tilsette har ein arbeidsplan der det står kva oppgåver ein skal gjennom på dei ulike dagane. Slik blir det lettare å planlegge dagen, jobbe med system og halde orden, fortel Annette Kleiv. ho meiner det er viktig å kunne gje oppgåver til dei tilsette som betyr noko. 

– Me har fokus på kva ein kan få til. Mange som jobbar her har ei form for funksjonsnedsetting, men ein skal finne styrker og oppgåver som gjev meistring for alle, seier Kleiv.

Powered by Labrador CMS