Sjå bilda frå yrkesmessa

3.-klassingane ved Vest-Telmark vidaregåande skule var vertskap og ynskte dei andre ungdommane velkomne til årets yrkesmesse. Frå venstre: Julie Konstanse Veen Hagen, Gunhild Nordjordet, Frida Veum, Heidi Hervik og Ida Betten Kleve.

Dei bunadskledde jentene var vertskap og ynskte velkomen

Ungdomsskuleelevar frå heile Vest-Telemark fekk møte ulike skuletilbod, yrkesretningar og verksemder då dei besøkte den årvisse yrkesmessa på Dalen torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Nok ein gong hadde meir enn 70 utstillarar frå ulikt næringsliv, yrkesretningar, vidaregåande skular, universitet, kommunar eller offentlege etatar funne vegen til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen for å vise seg fram og svare på spørsmål frå ungdomsskuleelevar eller vaksne på yrkesjakt frå alle delar av regionen torsdag. 

Stortingspolitikar Jone Blikra opna yrkesmessa saman med dei fem vertskapselevane frå 3. klasse på Vest-Telemark vidaregåande skule.
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Tor Eivind Erikstein testa kor raskt han kunne sette kjede på motorsaga hos KVS Bygland
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessa på Dalen 2025 - ambulansefaget samla mange elevar til foredrag
Yrkesmessa på Dalen 2025
Yrkesmessegeneral Knut Magne Momrak
Yrkesmessa på Dalen 2025
Ungdomsskulejentene Hedda Solli frå Treungen og Emma Sørdal Heggard frå Dalen trur dei vil søke vidaregåande på Dalen, medan Vilde Andrea Kihle Vik frå Treungen og Ingrid Elise Sunde Haugstøyl frå Fjone ikkje er heilt sikre på kvar dei skal søke etter ungdomsskulen.

– Og aldri før har det vore fleire elevar ved skulen vår, kunne yrkesmessegeneral Knut Magne Momrak stolt fortelje og oppmoda alle dei frammøtte til å stille spørsmål til utstillarane og bruke dagen godt.

Kanskje det torsdag blei opna dører til framtidige yrkesval eller potensielle lærlingbedrifter. Eller kanskje det aller beste med dagen var at ungdommane frå dei ulike kommunane kunne møtest på tvers av kommunegrenser og vere saman.

Jone Blikra (Ap), som sit i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, besøkte den vidaregåande skulen på Dalen for alle fyrste gong. Kragerø-politikaren var glad for å kunne vere den utvalde til å klippe snora og opne årets yrkesmesse med ein tydeleg beskjed til ungdommane. 

– De ungdommar er framtida vår, me er stolte av dykk og yrkesfag er framtida. Me er heilt avhengige av dykk for at Noreg skal gå rundt, og at det skal vere godt å bu her, uttala Blikra. 

Varaordførar i Tokke, Camilla Lagergren Knudsen (Sp), tok turen innom til organist Robertas Lamsodis med blomar og for å gratulere han med 60-årsdagen. Og då blei det allsong i klasserommet leia av sokneprest Hallvard Jørgensen (t.h.)
Nesten 90 svara på konkurransen til VTB om «Kvar i Vest-Telemark». Inger Tomine Johre vann gåvekort på 1000 kroner, Nora Austjore Heistad vann gåvekort på 500,- og Kristine Kveven Sørensen (bildet) vann gåvekort på 500,-.
Powered by Labrador CMS